Handverk  i  dansehuset  på  Lassa

Handverk i dansehuset på Lassa

For 21 år på rad arrangerer Bondeungdomslaget i BUL den tradisjonsrike handverksmessa, kjent for kvalitet, god stemning og heimelaga lapskaus!

-Det er svært hyggeleg at utstillarar og publikum kjem igjen år etter år, seier leiar i arrangementskomiteen, Inger Hope. I tillegg er vi glade for alle nye som kjem til. I år kan vi freiste med fleire spennande nye handverkarar, mellom anna ein som lager sjokolade, smiler ho.

-Messa fullbooka med nesten 40 handverkarar, seier Inger stolt. I over eitt år har messenemnda arbeidd med å rekruttere og plukke ut dei beste handverkarane, samt marknadsføre og planlegge det praktiske.

-Etter mange år, har vi fått god rutine. Dugnadsfolka våre har masse erfaring frå tidlegare messer og andre arrangement i laget. Her i BUL er dugnad både kjekt og sosialt, fortel Inger. Til helga er over 40 frivillige i aksjon for å ta imot utstillarar og publikum som kjem for hyggeleg handel og eit besøk i kaféen.

Bondeungdomslaget (BUL) i Stavanger er eitt av 380 lokallag i Noregs Ungdomslag. Føremålet til ungdomslaga er å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. BUL blei skipa allereie i år 1900 og hadde fram til dei bygde Siddis-stova på Lassa, lagshuset sitt i Øvre Holmegate 20 i Stavanger sentrum.

-Vi er stolt over huset vårt, fortel leiar i laget, Anne Marie Nerby. I tillegg til eigne aktivitetar som folkedanskveldar, handverksmesse, konsertar og kulturarrangement, husar Siddis-stova mellom anna både svingdansarar og magedansarar.

-Huset er spesielt tilpassa dansearrangement, med supre dansegolv i alle rom. Her er det faktisk dans nesten kvar dag og 1. desember arrangerer vi stor konsert med folkemusikkgruppa Majorstuen. Det gler vi oss ekstremt til, men først ønskjer vi alle velkomne til handverksmesse laurdag 17. og søndag 18. november klokka 11.00-1600, avsluttar Anne Marie.

Les meir på heimesida til BUL Stavanger. 

Legg att eit svar

Close Menu