Sy  bunaden  frå  Ryfylke?
Biletet viser variantar av den rekonstruerte drakta frå Ryfylke i tidsrommet 1750 – 1830.

Sy bunaden frå Ryfylke?

Til våren 2019 blir det igjen kurs i bunad i Siddis-stova, Rektor Oldens gt. 17, Stavanger.

Kva kan du sy på kurset?
For å sy heile bunaden må du gå fleire kurs. Først syr du skjøtevesten. Så trøye, stakk, forkle, lue og skjorte.
Du må rekne med ein god del heimearbeid.

Me hjelper til med å få tak i stoff og dei andre delane som høyrer til.

Biletet viser variantar av den rekonstruerte drakta frå Ryfylke i tidsrommet 1750 – 1830. Bunaden er sydd for hand med saumteknikkar frå same tidsperiode.Den er i rokokkostil, med skjøt både på vest og trøye, og vert sydd i stoff som også er rekonstruert frå denne tida. Det er mogleg å velja mellom fleire ulike stoff og fargar.

Det vil bli sett av fem laurdagar:
Januar: 5. og 19.
Februar: 16.
Mars: 23.
April: 6.

Frå kl. 9.00 til 15.00 kvar gong.

Kursavgift er kr. 2000,-.
Materialer kjem i tillegg.

Påmelding:
Snarast, innan byrjinga av desember til: Nordaker Bunader AS
Daghild Håvardsholm, tlf. 958 15 376 E-post: daghildh@hotmail.com
Eli Olsen, tlf. 911 92 885
Ragnhild U. Ødegaard, tlf. 905 79 497

Obs! Begrensa plass!

Helsing Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag

 

Legg att eit svar

Close Menu