Bunaden blei presentert første gong på Ryfylkemuseet i mai 2007. Foto: Roy Høibo, Ryfylkemuseet.

Kvinnene i Ryfylke rundt år 1800 var bondekvinner på små og mellomstore bruk. Nokre levde på husmannplassar eller var strandsittare. Den gong som nå kledde folk seg ut frå kva dei hadde råd til. Dei som hadde råd kledde seg i silke og ulldamask. Det var fine stoff som ikkje blei produsert her i landet, men importert frå m.a. Frankrike og England. Det er råd å få tak i kopi av slike stoff i dag. Eller me må ta til takke med erstatningar som liknar på dei gamle.

Nokre stoff kan kjøpast frå Danmark, Sverige og butikkar i Norge. Ulldamask og kallemank blir nå laga på norske veveri. Bunadnemnda har fått laga stripete stakkestoff på Mandal veveri. Silketørkle blir laga i Østerrike.

Her presenterer me eit utval av det som er tilgjengeleg nett nå. Dette utvalet endrar seg over tid.

Foto: Bunad og folkedraktrådet.

Kvinnebunaden har følgjande plagg:

Trøye Ull, silke eller bomull i mange fargarSy på kurs
Liv Ull, silke eller bomull i mange fargarSy på kurs
Stakk Ulldamask, einsfarga ull eller halvull i striperSy sjøl
SkjorteSame som til RogalandsbunadenKjøpa eller sy sjøl
ForkleTrykt bomullSy sjøl
LueUll, silke eller fløyel, med ulike band til prydingSy sjøl
TørkleMønstra silke eller bomullKjøp ferdig
SokkarSvarte sokkar eller mønsterstrikkaKjøp ferdig eller strikka sjøl
SkoVanlege bunadskoKjøp ferdig

Det er laga eit omfattande kursmateriell, alt frå prøveplagg i alle storleikar til rettleiingar for kvar enkelt draktdel. (lenke til menypunktet kursmateriell)

Bevarte draktplagg frå 1700 og 1800-talet

Eit utval stoff blir brukt til bunaden: