Frå modell til mannsbunad

Når kjeldematerialet er klart gjenstår sjølve rekonstruksjonen:

  •  ta mønster av dei gamle plagga
  •  sy modellar
  •  gradera mønster – dvs laga mønster i ulike størrelsar
  •  laga saumrettleiing til kurs
  • organisera og gjennomføra kurs

Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag har rekonstruert bunaden. Gunnlaug Idsø har utarbeidd modellane til trøye, vest, bukse og lue. Daghild Håvardsholm har utarbeidd skjorta.  Dei fekk hjelp til å gradera mønstra i ulike storleikar.

Mannsbunaden har følgjande plagg:

Ulltrøye (vadmål) i raudt, evnt blå, svart.

Ullvest, (vadmål) i grønt med knappar i messing.

Ullbukse (vadmål) med knappar i sølv.

Linskjorte. Sydd og brodert etter mønster.

Sokkar av ullgarn. Strikka etter mønster.

Lue av ullgarn. Strikka etter mønster.

Sokkeband.

I tillegg høyrer det med eit mønstra halstørkle i silke og vanlege bunadssko.

Om ein deltar på kurs med bunadnemnda syr ein trøye, vest og bukse på kurset. Mønster til skjorte, sokkar og lue er for sal. Silketørkle og sko kjøper ein ferdig.

Nordaker bunader A/S i Stavanger sel ferdig mannsbunad og materiala til å sy bunaden.