Har du idéar til Storkurs 2020?

Storkurs er eit samarbeid mellom fylkeslag i Aust-Agder, Vest-Agder, Telemark og Rogaland, og i 2020 skal Storkurset haldast i Siddis-stova i Stavanger.

Dette er lagshuset til BUL Stavanger, og dei har god plass!

Endeleg tidspunkt blir avgjort på førstkomande laurdag. Me står mellom siste helga i januar og første i februar. 

Me som sit i styret i Rogaland Ungdomslag vil gjerne ha innspel til programmet frå lokallaga og frå dei andre fylkeslaga. 

Det er Eli Anna som held i denne biten for Rogaland ungdomslag, så send henne ein mail med forslag både til kurs, kurshaldarar og sosialt opplegg!

eli.Anna.Gudmundsen@steinerskolen.no

Rett over vegen frå Siddis-stova ligg Choice Energi Hotell, og me reknar med å få til eit godt tilbod til kursdeltakarane våre der. Nærare informasjon om dette vil koma like etter sommaren.

Denne infoen er sendt på e-post til alle lokallaga og samarbeidspartnarar 10.4.2019

Legg att eit svar