Meld interesse: Folkedansstemne på Åland

16.-21.juli 2019 vert det arrangert ÅLEK, eit mindre folkedans- og folkemusikkstemne gjennom Nordlek-organisasjonen, i Mariehamn på Åland. Det vert også nordisk ungdomsleir 14.-16.juli same stad. No er det tid for å melde si interesse. 

Då dette er eit mindre stemne er det berre 50 personar frå kvart av dei nordiske landa som får reise, og det vil vera Noregs Ungdomslag som fordel kven som får delta på stemnet frå Noreg. 

Medlemslag i NU og lag som har med eigne instruktørar og musikarar vert prioritert. 

Noregs Ungdomslag har ikkje ressursar til å sende tilsette frå administrasjonen eller å betale for musikarar til ÅLEK slik som det har vore gjort på tidlegare NORDLEK-stemner. Difor vil det vera behov for at nokon av dei norske deltakarane tek på seg ekstra koordineringsansvar under sjølve stemnet, og nokon vil kanskje bli bedt om å instruere noko. NU oppmodar laga om å ta med eigne musikarar. 

Meir informasjon

Det har kome lite informasjon frå arrangørane til no, men NU ventar å få meir informasjon i løpet av desember. Så fort NU har denne informasjonen vert dette lagt ut på heimesida til NU under denne lenka: http://www.ungdomslag.no/aktivitet/folkedans/internasjonalt-samarbeid/nordlek/alek-2019/, så følg med her om du er nysgjerrig og vil vite meir. 

Dersom du, eller fleire frå ditt lag ynskjer å delta på ÅLEK, send ein e-post til kulturrådgjevar i NU, Solveig Brekke Hauknes, innan 4.januar 2019. 

I e-posten vil Solveig ha informasjon om: 

o   Kor mange som ynskjer å reise og kva lag dei høyrer til. 

o   Om det er nokon i gruppa som kan instruere eller om det er nokon som kan vera musikar åleine eller i lag med andre. 

o   Om nokre av deltakarane dykkar er aktuelle for den nordiske ungdomsleiren (her er det ikkje kvote på tal deltakarar). 

I midten av januar 2019 vil de få svar frå NU om du eller ditt lag får reise på ÅLEK. Etter dette vil dei utvalde deltakarane få beskjed om å gjera ei endeleg påmelding til ÅLEK, frist for dette veit NU ikkje endå. Meir informasjon om denne prosessen kjem i januar. 

Har de spørsmål er det berre å ta kontakt med Solveig. 

Legg att eit svar

Close Menu