RU støttar alle som vil på Sommarleir!

Denne sommaren skipar Noregs Ungdomslag til Sommarleir i Skogn, Trøndelag, 2.-7. juli. Leiren er årleg tradisjon – av og for ungdom frå heile landet.

Rogaland Ungdomslag ønskjer at mange frå vårt fylke får oppleve samhaldet, stemninga og ikkje minst lære mykje nytt! Styret har derfor bestemt at alle som vil delta får reisestøtte etter søknad.

Dei beste lærarkreftene
I år samarbeider NU i tillegg med Noregs Mållag, så kanskje lærer du noko nytt om språket vårt også?

På Sommarleiren prioriterer NU alltid å engasjere dei beste kurslærarane. 2019 er absolutt ikkje noko unntak:

  • Spel med Einar Olav Larsen
  • Rørospols med Torill Jørgensen
  • Swing med Kevin Andre K. Theigmann
  • Kurs i teaterproduksjon med Kari Wist Holmen
  • Friluftsliv – Ut i det blå med Jørgen Hopstad By

Les meir om kursa du kan velje mellom på Sommarleiren si side.

Korleis får ein reisestøtte frå RU?
Skriv ein epost til oss der du får fram:
-kven du er
-at du har lyst til å delta på Sommarleir 2019
-kva reisa tur/retur heimstaden din – Skogn vil koste totalt
send eposten til Rogaland Ungdomslag før 1. juni

sommarleiren.no

facebook.com/sommarleiren

Legg att eit svar

Close Menu