Storkurs 2019

1.-3. februar 2019 er det duka for Storkurs på Hotell Fritidsparken i Skien.  Storkurset er eit samarbeid mellom Fylkeslaga i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark.

Kursa vil vere på hotellet og på Hjalmar Johannesen vidaregåande skule. Alle måltider vil vere på hotellet og inngår i kursa. Leikfesten blir i hallen ved sida av hotellet. Mellom kurs og leikfest på laurdag blir det moglegheit til å ta et bad i badeland.

Fredag: Kurs i Hypersys med Alf Steinar Nekstad

Studieforbundet med Kjærsti Gangsø

Laurdag og sundag:

  • Instruktør/inspirasjonskurs i turdansar: Alix Cordray
  • Telespringar og –gangar: Tone Anne Tveiten, Knut Boksasp Berge. Speledame: Nina Byttingsmyr
  • Halling: Simon Løvald. Spelmann: Torgeir Straand
  • Linedance: Hilde Løvmo (avlyst)
  • Rock- og swingkurs: Daniel Halvorsen
  • Revyskrivekurs: Heljar Berge
  • Teaterkurs: Trine Merete Sjølyst
  • Samspelkurs: Lars Ingar Meyer-Fjeld
  • Sangkurs: Ingebjørg L. Reinhold
  • Husflid – Nupereller: Liv Øyen Strind og Jorunn Halkjær (avlyst)
  •  

Laurdag kveld blir det middag etterfulgt av leikfest i idrettshallen ved sida av hotellet.

Påmelding innan 20. desember (NY FRIST 13. januar): trude@mehamn.net

Merk påmelding med fult namn, fødselsdato, kva for romtype (eventuelt kven du vil dele rom med).

Priser:

Kurshelg utan overnatting (kurs, mat og leikfest): 1700,-

Leikfest med middag: 300,-

Pris for 2 netter, full pensjon, kurs og leikfest per person:

Enkeltrom: 3380,-
Dobbeltrom: 2890,-
3-sengsrom: 2740,-
4-5-sengsrom: 2580,-

Beløpet innbetalast til bankkonto: 2630 07 06885 innan 20. desember
(påmelding etter frist 500,- ekstra på prisene over)

Legg att eit svar