Påmelding til Storkurs 2020

Påmelding til STORKURS 2020!

Helga 31. januar til 2. februar 2020 blir det kurshelg i Siddis-stova, huset til BUL Stavanger (bulstavanger.no) i Rektor Oldensgate 17. Storkurset er eit samarbeid mellom Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark Ungdomslag.

Meld deg på før 15. desember for å sikre deg plass på kurset og på hotellet! 

Vi ønskjer at alle melder seg på via det elektroniske skjemaet under, men hjelper gjerne til!
Treng du hjelp eller lurer på noko? Ta kontakt med Solgunn Liestøl, tlf.: 936 64 995 eller nokon andre av oss i fylkesstyret. 

Kor er det best å overnatte?
Vi har avtale med Clarion hotel Energy. Her får du «Storkurs-pris» om du spør etter dette. 

Storkurs-pris (pr natt, inkludert frukost): 

Enkeltrom kr 898,-
Dbl rom kr 1045,-
Trippelrom 1145,-
4-mannsrom kr 1395,- 

Kva skjer på laurdagskvelden?Laurdagskvelden inviterer vi til felles middag på hotellet, samt til dansekvelden FUGLEN i Siddis-stova eller teaterframsyning i Stavanger sentrum.

Kva kostar det å delta på kurs?

Helgekurs/4 kortkurs:
kr 1500 (1200* om du er medlem i eit ungdomslag) 

*er du mellom 14 og 20 år og medlem i eit ungdomslag er prisen berre 800! 

Grunnleggande instruktørkurs i folkedans 
kr 400 (800 om du ikkje er medlem i eit ungdomslag). 

Kortkurs:
kr 600 (500 om du er medlem i eit ungdomslag) 

Bunadsføredrag på fredagskvelden:
kr 100 (gratis for alle som deltar på 3 kortkurs)

Program
Fredag
1900:  Kursa startar opp
2100: Kursa sluttar 

Laurdag: 
0900: Kursa startar opp
1300: Lunsj i Siddis-stova
1400: Kursa startar opp
1600: Kursa sluttar
1700: Middag på hotellet
1900: Fugen dansekveld/teater

Søndag: 
0900: Kursa startar opp
1300: Lunsj i Siddis-stova
Vel heim

Helgekurs:

Balldans

På dette kurset vil deltakarane bli kjend med nokre av 1800 og 1900 tallets balldansar. Det blir noko historikk og mykje dans. Repertoaret hentar vi frå norske og nordiske dansebøker. Dei fleste av dansane vil ein finne igjen på program frå ball i Rogaland, Østlandet og Nordleik. Før kurset må du kunne dansa vals og galopp/polka. Lærarar: Tove og Kenneth Fosserud.

Folkedans

Kom på instruktørkurs med det energiske paret, Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge. Dei har lang fartstid både som instruktørar og primus motor, mellom anna dei som skapa ny blest og oppsving i Leikarringen BUL Oslo. Her er mykje å læra både for unge og gamle om det å skapa eit godt, engasjerande og spennande dansemiljø, men og kva instruksjon og dansar som kan passe i ditt lag/di gruppe. Det vert mykje dansing på kurset!

Lærarar: Annbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge. Kurset inngår som del av instruktøropplæringa til Noregs Ungdomslag. OBS! Rabattert pris!
Foto: Knut Utler

Revy

Per Inge om kurset: Me ska laga revy. Me ska jobba samen, og me ska ha det kjekt. Kordan laga revy, og korfor? Sang, musikk, monologer, dialoger, sketsjer, kostymar, bevegelser, galne innfall, såre tekstar, religiøse og politiske spark, et sosialt samensurium av spennande kreativitet og ein deiligt smittande skaparglede som gjer oss følelsen av å gjør någe meiningsfylt samtidigt som me har det jysla kjekt. Lærar: Per Inge Torkelsen
Foto: peringe.no

Korkurs fredag:

Rogalandsbunadene gjennom hundre år

Bunadnemnda i Rogaland har mellom anna rekonstruert den raude herrebunaden frå Rogaland og ein kvinnebunad frå Ryfylke. Begge bunadene er nå godkjent av Norsk institutt for bunad og folkedraktsråd. Målfrid Grimstvedt har skrive fleire artiklar om bunadsarbeidet i fylket, og er nå medlem i bunadsnemnda. Denne kvelden vil ho vise bilete og fortelje om utstillinga bunadsnemnda har laga for anledninga. Utstillinga vil stå heile helga. Vi gler oss!
Lærar: Målfrid Grimstvedt og bunadnemnda i RU

Langeleik, nybyrjar

Nybyrjarkurs for deg som ikkje har spelt før eller treng ei oppfrisking. Du får læra om instrumentet, speleeteknikk og du lærer enkle slåttar for solo langeleik, som akkompagnement til song og til samspel. Lærar: Lise Karin Meling

Ps! Vi har seks langeleikar til utlån.

Torader

Spelt litt toradar? Her er eit kortkurs kor du lærer ein eller to rogalandslåtar, og kanskje får litt påfyll i spelteknikk. Lærar: Håvard Ims

Kortkurs laurdag før lunsj:

Langeleik, nybyrjar

Nybyrjarkurs for deg som ikkje har spelt før eller treng ei oppfrisking. Du får læra om instrumentet, speleeteknikk og du lærer enkle slåttar for solo langeleik, som akkompagnement til song og til samspel.
Lærar: Lise Karin Meling

Ps! Vi har seks langeleikar til utlån.

Kveding

Har du lyst til å lære folkesongar frå mellom anna Bjoa, Ølensvåg, Haugesund eller Stord? Kvedaren Martha Birkeland er frå Haugesund. Ho har kveda sidan 1996 og har studert i folkemusikk på Rauland. I 2018 var ho med på Masterclass Hardanger, der ho mellom anna fekk songtimar hjå Berit Opheim.
Lærar: Martha Birkeland

Marknadsføring i sosiale media

Toyni Tobekk driv Ryfylke fjordhage på Hebnes saman med mannen sin, er utdanna journalist og engasjert i dei fleste frivillige lag på Ropeidhalvøya. På dette kurset får du lære å lage enkelt marknadsføringsmateriell i programmet canva, samt korleis du kan nå ut til mange gjennom bruk av facebook. Deltakarane har med eigen datamaskin, facebookprofil og adminrolle for ei side på facebook. Lærar: Toyni Tobekk

Kortkurs laurdag etter lunsj:

Konsertarrangør

Drøymer du om å arrangere konsertserie på Ungdomshuset? Folk på fredag er ein konsertserie i regi av Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet, i samarbeid med Suldal Kulturhus. Konsertserien er ein suksess, og med stønad frå Norsk kulturråd dei siste sesongane har konsertserien verkeleg fått etablere seg. Initiativtakarane bak, Åshild Vetrhus og Mark Laurensson, deler erfaringane sine med oss.
Lærar: Mark Laurensson og Åshild Vetrhus

Folkemusikkjam

Samspelkurs kor du lærer nye rogalandslåtar og speler i lag med andre. Fokuset er på dansespel, og plutseleg har vi eit lite repetoar til å spele i lag på dansen til kvelden! Folkemusikkarkivet i Rogaland, Ryfylkemuseet, skriv i desse dagar ei ny notebok om den instrumentale folkemusikken frå Rogaland. Slåttane i denne blir utgangspunkt for kurset. Lærar: Olav Christer Rossebø

Skoning (skoduk) og slitekant (fingra snor)

Er bunaden din slitt nedst på kanten av stakken? Bunadnemnda i RU lærer deg å lage ein stiv og slitesterk kant som og kan nyttast på broderte bunader.
Lærar: Bunadnemnda i RU
Foto: Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt

Kortkurs søndag:

Kveding

Har du lyst til å lære folkesongar frå mellom anna Bjoa, Ølensvåg, Haugesund eller Stord? Kvedaren Martha Birkeland er frå Haugesund. Ho har kveda sidan 1996 og har studert i folkemusikk på Rauland. I 2018 var ho med på Masterclass Hardanger, der ho mellom anna fekk songtimar hjå Berit Opheim.
Lærar: Martha Birkeland

Langeleik, vidarekomne

Kurs for deg som var på kurs 1 og 2, eller har vært borti instrumentet tidligere og trenger litt påfyll: vi går videre og lærer nye slåtter og enkle samspillsarrangement. Lærar: Lise Karin Meling.

Ps! Vi har seks langeleikar til utlån.

Vadmålsøm

Vadmål er mykje brukt stoff i bunadene våre. Bunadsnemnda i RU lærer deg på dette kurset å sy mellom anna rolorkant, prikkesting, og spesiell ryggsaum.
Lærar: Bunadnemnda i RU

Legg att eit svar