VRANG  ut  å  turnè  i  Rogaland

VRANG ut å turnè i Rogaland

For andre året på rad arrangerte Rogaland ungdomslag ein turnè i lokallaga rundt om i fylket. I fjor hadde me  Sylfest Lomheim, i år var det den yngre generasjon som fekk oppleve det kjende eventyret «Den standhaftige tinnsoldaten» av H.C. Andersen.

Målet med desse turnèane er at ein skal skapa aktivitet i laga, og liv og røre i dei mange lagshusa me har her i fylket. Det er opp til kvart einskild lag om dei vil ha besøk, men for at alle skal ha økonomi til å ta i mot bidreg Rogaland ungdomslag til turnèen.

Gruppa Vrang likar å vri og vrenge på musikk – og elskar eventyr. Med folkemusikk, dans og rikeleg med fantasi, tok dei oss inn i HC Andersen si klassiske forteljing «Den standhaftige tinnsoldat». Vrang har ut frå eventyret utvikla eit nydeleg barnespel, kor historia vert fortalt gjennom ein kombinasjon av musikk, dans og historiefortelling.

Gruppa er sett saman av: Tuva Færden fele, song Jon Brodal fele, song Maja G. Toresen fele, song

Framsyningane var godt besøkt både i Haugesund Mållag og Ungdomslag, Midtbygdens Ungdomslag og i Sandeid Ungdomslag.

Takk til alle som bidrog til at me fekk dette til! 

Legg att eit svar

Close Menu