logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Folkedans/musikk        
 

: Instruktøropplæring i folkedan

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Bli folkedansinstruktÝr!

Frå dansar til instruktør

Noregs Ungdomslag  tilbyr instruktøropplæring i norsk folkedans.

Frå god dansar...

Vegen til å bli ein god dansar og instruktør startar på dansegolvet. Dans så mykje og kor ofte du kan! Dansetreninga får du i nærmiljøet ditt, i lokallag og fylkeslag; på faste øvingar, kurs, festar, festivalar med meir. Her får du det viktige grunnlaget du treng for å bli ein god dansar.

...til instruktør

Som instruktør er du førebilete, gruppeleiar og formidlar av kunnskap. Ein kan lære å danse på mange ulike måtar, og kanskje er nettopp det heile poenget! Artikkelen "Aldri uten dansesko" seier noko om dette.

Det finns og mange ulike måtar å lære bort dans, og NU vil at kvar einskild instruktør skal ha eit bevisst forhold til pedagogiske val.

Grunnleggande instruktørkurs, folkedans

Dette helgekurset blir arrangert av fylkeslag eller lokallag. Sjekk kalenderen på NU si heimeside for oversikt over når og kor det blir arrangert slikt kurs i din region. Målet med kurset er å gi deltakarane innblikk i instruktørrolla og eit felles fagleg grunnlag.
Målet med kurset: Få eit innblikk i instruktørrolla og eit felles fagleg grunnlag for vidare instruktøropplæring i NU.
Forkunnskap: Deltakarane bør kunne danse ein eller annan form for dans.

Instruktørkurs

Instruktøropplæringa er i endring, og ein held nå på å utarbeida nye kursrekkjer. Desse skal kunna takast i bruk i 2016.

Meir informasjon når dette blir klart.