logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Heim        
 

: Styret i RU 2016
: Referat styremøte Stavanger 5
: Referat frå styremøtet i RU 18
: Notat frå Landsrådsmøte 2015
: Styrereferat 31.10.2015
: Referat frå styremøte- Stavang
: Styremøte i Sauda 27.6. 2015
: STYRET 2015
: Referat fra styremøtet i RU 1
: Konstituerande-styremøte 2015-

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Informasjon frå Rogaland ungdomslag

Det har vore ein nokså uoversiktleg kommunikasjon med medlemslaga ein lang periode. Noko informasjon er kome fram, noko ikkje. Me har stola på det nye Hypersyssystemet-det er me nå begynt å tvila på. Den viktigaste kanalen for informasjon har nok vore Facebook- enten ein likar det eller ikkje. Eg vil råd alle til å lika den sida- her får ein kjapp informasjon om det som rører seg.

 
DJ kurs til hausten

 

Klikk her:

 

 

 

https://www.facebook.com/Rogaland-Ungdomslag-235447363135453/

 

 

 

 

 

Medlemsregisteret Hypersys er under oppdatering, og har teke uhorveleg lang tid,- og pr. dato er det langt frå ferdig.

 

 

 

NB! Likevel må de som medlemslag gå inn og registrera medlemmene dykkar + send årsrapport ( Alt dette skal vera ok å få til. Dersom de ikkje får det til –ta kontakt med underteikna)

 

Hugs å søkja momskompensasjon saman med årsrapport – dette er ein svinten jobb til gode pengar.

 

 

 

KURS i Rogaland

 

-Rogaland ungdomslag planlegg kurs i Suldal med tanke på Hypersys-Korleis driva eit lokallag- Huset i Bygda. Mange lag har ungdomshus- her vil ein få tips til drifting og økonomi-søknader osv.

 

- Rogaland ungdomslag planlegg kurs for unge DJ-stjerner i Tysvær hos Kvinnesland Frilynde ungdomslag i september.

 

- Rogaland ungdomslag planlegg kurs i langeleik hos Bul Stavanger 26. august.

 

-Sandeid ul planlegg teaterweekend ei av dei siste helgane i september

 

 

 

Instruktørkurs innan:

 

Teater –regi/revy/sminke- der er alltid eit kurs som kan passa. Ta kontakt!

 

Dans- alltid kurs på gang

 

Er det andre lag som tilbyr kurs som kan vera av interesse for andre lag? Gi beskjed.

 

 

 

Årsmelding og referat frå konstituerande styremøte og styremøtet me hadde i Suldal. Her traff me og styret i Suldal ungdomslag er sendt leiarane i laga. Me hadde og ei omvising på ungdomshuset som Sand ungdomslag eig. Ein entusiastisk ungdomsgjeng held nå på å få dette huset på fote igjen. Lykke til –og så håpar me de vil vera med i Rogaland ungdomslag med tid og stunder.

 

 

 

Etter ein lang prosess er nå huset til Sauda ungdomslag overdrege til ny eigar. Kun endeleg godkjenning frå kartverket står att. Det sist sitjande styret er nøgde med at huset får ny aktivitet og skal nyttast vidare.

 

 

 

Sommarleir for ungdom går av stabelen nå i juni ved Fana folkehøgskule. Ingen frå Rogaland har meldt interesse- håpar dette endrar seg til neste år.

 

Facebook- følg oss der. Ein kjapp og effektiv informasjonskanal:

https://www.facebook.com/Rogaland-Ungdomslag-235447363135453/