logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Om RU        
 

: Handbok for tillitsvalde
: Lover for RU
: Historikk

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Lover for Rogaland Ungdomslag

Revidert under årsmøtet på Sjonar 17.-18. mars 2001. Godkjend av Noregs Ungdomslag 21. mars 2001.

 

§ 1  Føremål

Rogaland Ungdomslag skal arbeida for å styrkja den frilynde ungdomsrørsla i Rogaland i samsvar med føremålet og arbeidsprogrammet til Noregs Ungdomslag.

 

Rogaland Ungdomslag skal vera eit fast bindeledd laga imellom og mellom laga og Noregs Ungdomslag. Særleg skal fylkeslaget ha ansvar for å fremja sams kulturelle og økonomiske føremål, skipa nye lag og koma med nye tilbod til ungdommen gjennom laga.

 

§ 2  Medlemskap

Rogaland Ungdomslag er med i Noregs Ungdomslag og godkjenner lovene og føresegnene til landslaget.

 

Alle ungdomslag i Rogaland som vil arbeida i samsvar med føremålet til Noregs Ungdomslag, og som har lover som er godkjende av fylkeslaget, kan bli med i Rogaland Ungdomslag.

 

§ 3 Årspengar

Ungdomslaga betaler til fylkeslaget dei årspengane som er vedtekne på årsmøte i fylkeslaget.

 

Styret i fylkeslaget fastset retningsliner og tidsfristar for årspengane.

 

§ 4 Årsmelding

Arbeidet i fylkeslaget og i ungdomslaga skal følgja kalenderåret.

 

Ungdomslaga sender årsmelding til fylkeslaget og landslaget kvart år innan 15. februar.

 

Fylkeslaget sender årsmelding til Noregs Ungdomslag innan 1. april.

 

§ 5 Årsmøte

Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller 1/3 av alle ungdomslaga krev det.

 

Ungdomslag som har frå 5 til 49 medlemmer over 14 år, har rett til 3 utsendingar til årsmøtet. Lag som har frå 50 til 100 medlemmer over 14 år, har rett til 4 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending for kvart nye påbyrja 100 medlemer.

 

Einskildlag som ikkje har sendt årsmelding eller ikkje har betalt årspengar, har ikkje utsendingsrett.

 

Utsendingane frå einskiltlaga skal veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte.

 

Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemer med 3 varamedlemer, 2 ettersynsfolk og dei nemndene/særgreinsleiarane som til kvar tid er nødvendige. Årsmøtet kan gi fylkeslagsstyret fullmakt til å velja nemndene. Leiaren blir vald særskilt for eitt år om gongen, styremedlemene blir valde for 2 år om gongen, slik at 2 står på val kvart år. Varamedlemene blir valde for eitt år om gongen.

 

Årsmøtet vel utsendingar til årsmøtet i Noregs Ungdomslag. Unntaksvis kan årsmøtet i fylkeslaget gi styret fullmakt til å velja utsendingar.

Årsmøtet skal ta stilling til årsmelding, ettersett rekneskap, arbeidsprogram, budsjett og andre saker som styret legg fram.

 

Innkallinga til årsmøte skal sendast ut minst ein månad føreåt saman med saksliste og saksdokumenta for møtet.

 

Saker til årsmøtet må vera komne til fylkeslaget innan 31. januar.

 

Røysterett har styret og særgreinsleiarane i fylkeslaget og utsendingar frå lokallaga når dei har betalt årspengar. For val og vedtak gjeld dei same reglane som for årsmøte i Noregs Ungdomslag.

 

Styret skal koma med framlegg til valnemnd.

 

§ 6  Arbeidet i styret

Styret vel seg imellom nestleiar, kasserar og skrivar.

 

Styret leier arbeidet i fylkeslaget. Styret har ansvar for arbeidet i nemndene/særgreinene.

 

Styret rår over eiga, og skal driva laget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med budsjettet.

 

Styret skal føra vedtaksprotokoll.

 

Styret er vedtaksført når 3 er tilstades.

 

§ 7  Dansen i laga

Dansen skal vera eit middel til å aktivisera lagsflokken, men lagsstyra må syta for at dansen ikkje trengjer vekk verdifullt program i laget. I samsvar med prinsipp-programmet må folkedansen spela ei sentral rolle.

 

§ 8  Føresegner om rusgifter

Rusgifter og personar påverka av rusgifter skal haldast borte frå samkomer i samskipnaden og einskildlaga.

 

§ 9 Trygging av eiga

Dersom fylkeslaget blir lagt ned eller skiftar føremål så det ikkje lenger kan stå i Noregs Ungdomslag, skal styret i Noregs Ungdomslag ta vare på midlane til fylkeslaget. Går det 7 år frå midlane er overtekne, og fylkeslaget ikkje her kome i gong att, eller det ikkje er skipa nytt godkjent fylkeslag, tek styret i Noregs Ungdomslag over midlane.

 

Fylkeslaget skal ta vare på midlane til ungdomslag som blir lagde ned eller skiftar føremål så dei ikkje lenger kan vera med i fylkeslaget. Dersom laget ikkje er kome i gong att innan 7 år, eller det ikkje er skipa nytt godkjent lag på staden, skal midlane nyttast på den måten som er fastsett i lova til laget. Dersom lagslova ikkje seier noko om dette, skal midlane overlatast til kommunestyret/bystyret som nyttar dei til beste for ungdomsarbeidet på staden.

 

§ 10  Ymse

Lover og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i fylkeslaget eller organisasjonen generelt, gjeld for Rogaland Ungdomslag.

 

§ 11  Lovendring

Framlegg om lovendring må kunngjerast for ungdomslaga minst ein månad før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta framlegget med 2/3 røystefleirtal.

 

Endring av lova må godkjennast av styret i Noregs Ungdomslag.