logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Heim        
 

: Styret i RU 2016
: Referat styremøte Stavanger 5
: Referat frå styremøtet i RU 18
: Notat frå Landsrådsmøte 2015
: Styrereferat 31.10.2015
: Referat frå styremøte- Stavang
: Styremøte i Sauda 27.6. 2015
: STYRET 2015
: Referat fra styremøtet i RU 1
: Konstituerande-styremøte 2015-

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Referat styremøte Stavanger 5. februar

Tekstboks:  Referat styremøte

Stavanger 5. februar 2016

 

Tilstades: Jostein Apeland, Arnljot Corneliussen, Anne

Marie Nerby og Lise K. Meling

 

Sak 10/16 Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedtak: Innkalling og sakliste blei godkjent

 

Sak 11/16 Godkjenning av referat av 18.01.2016

Vedtak: Referatet blei godkjent

 

Sak 12/16 Storkurset- siste oppdatering

Vedtak: Honorar til instruktørane blei drøfta og korleis vi skal betale ut honorara. Det vart skrive ut kontraktar til alle instruktørar.

 

Sak 13/16 Oppfølging av Sauda ungdomshus - vegen vidare.

Vedtak: Det fins  fleire interesserte. Vi har sett 10.000,- for å kjøpe huset, det vert selt ”som er”.  Arnljot tek saka vidare og snakkar med NU om kva vi skal gjere vidare. Vi vil freiste å få ei løysing på dette før sumaren. Jostein finn namn på dei som sat i styret før, og sender desse til Arnljot.

 

Sak 14/16 Årsmøte 12. mars 2016

Årsmelding.

Jostein hadde laga eit forslag til årsmelding, som blei delt ut og gjennomgått.

 

Rekneskap og budsjett.

Arnljot gjekk gjennom rekneskapet og budsjettet.

Vedtak: Dersom nokon frå styret i RU ønskjer å reise til Isleik vert dette støtta med 8.000,- per person.

Kurs/festivalar innanlands vert dekka med opptil 4000,-.

 

Innkomne  saker

Ei sak er komen inn frå bunadsnemnda: utkast til avtale med Nordaker Bunader.

Vedtak: Saka vert tatt opp på årsmøtet.

 

Val

Valnemnda jobbar med val til styret på storkurset.

 

Sak 15/16 Godkjenning av lover for Midtbygden ul

Vedtak: Lovane er sende ut på e-post for godkjenning. Styret gir tilbakemelding på e-post, og leiar gir tilbakemelding til Midtbygden ul. 

 

Sak 16/16 Ymse

Ingen saker meldt.

 

Stavanger, 05.02.16

Lise Meling

 

-referent-