På grunn av korona-virusa, blir årsmøtet i Rogaland Ungdomslag i år gjennomført digitalt. Vi håpar mange vil delta, og skal gjere vårt for at møtet blir bra.

Årsmøte: 19. mai klokka 1900
Prøve-møte: 18. mai klokka 1900

Årsmøtet er det høgste organet i Rogaland ungdomslag. Her diskuterer me året som er gått, samstundes som me legg planar for det neste.

Sakspapir
Vi oppmodar alle til å skrive ut papira. Då er det enklare å følgje med om du ikkje har fleire skjermar.

Kva er eit digitalt møte?
Teams er eit nettbasert dataprogram der ein kan snakke med kvarandre med lyd og video. Maks fire deltakarar syner på skjermen om gongen. Kven dette er, varierer etter kven som snakkar. Om ein vil kan ein laste ned appen, men det er ikkje naudsynt for å delta i møtet/samtalen. Tips: Teams utan app fungerer best i nettlesaren Google Crome.

Velkomen til prøve-møte
Mange har sikkert aldri vore med på eit Teams-møte før. Vi inviterer derfor til eit PRØVE-MØTE den 18. mai klokka 1900. Om du er påmeldt dette (sjå påmeldingsskjema) vil du få invitasjon til dette.

For å gjere møtet ryddig og enkelt har vi gjort nokre grep:
– Berre utsendingar og gjester, ingen observatørar, får delta på møtet.
– Alle framlegg til endrings-, strykings- og tilleggsforslag til sakene som blir handsama sendast inn på e-post til rogaland@ungdomslag.no minst 24 timar før møtestart.

Kva utstyr treng ein for å delta?
Datamaskin med kamera, høgtalar og mikrofon (dette har dei fleste datamaskinar nå innebygd). Ein kan sjølvsagt bruke mobiltelefon eller nettbrett, men ikkje så praktisk som datamaskin, kanskje?

Ta kontakt med Synnøve om du har spørsmål:
Telefon 41617198 eller rogaland@ungdomslag.no

Kor mange utsendingar frå kvart lag?
I vedtektene til RU står det:
– Lokallag med medlemmer frå 5- 49 over 14 år – 3 årsmøterepresentantar med røysterett.
– Lokallag med medlemmer frå 50-100 over 14 år – 4 årsmøterepresentantar med røysterett.
Deretter 1 årsmøterepresentant med røysterett pr. 100 påbyrja medlemmer.
Alle utsendingane skal vere valde på lokallaget sitt årsmøte.

Påmelding til møtet: