Innkalling til årsmøte i Rogaland UL

Det nærmar seg årsmøte i Rogaland ungdomslag, og i år er det Klepp Leikarring som er vertsskap.

Årsmøtet er det høgste organet i Rogaland ungdomslag. Her diskuterer me året som er gått, samstundes som ein legg planar for det neste. Det er viktig at laga kjem saman og diskuterer og utvekslar røynsler frå lagsdrifta. Her er nok mange gode tips å få, nye måtar å gjera ting på. Nyttar laget ditt seg av alle stønadsordningar? Uformelle diskusjonar og råd vert det også alltid litt tid til på eit årsmøte.

Viktige informasjonskanalar for Rogaland ungdomslag er heimesida (rogaland.ungdomslag.no) og facebook-sida

Kor mange kan komma frå kvart lag? I vedtektene til RU står det:

Lokallag med medlemmer frå 5- 49 over 14 år- 3 årsmøterepresentantar

Lokallag med medlemmer frå 50-100 over 14 år – 4 årsmøterepresentantar

Deretter 1 årsmøterepresentant pr. 100 påbyrja medlemmer.

Årsmøtet er laurdag 16. mars 2019, Fredheimsloftet. Adr. 3. etg. Fredheimsvegen 4, 4352 Kleppe

Program for dagen:

1200 Frammøte /lunsj
12.30 Årsmøtet startar
14.30 Pause
1500 Årsmøtet held fram
16.00 Årsmøtet vert avslutta

Har du forslag du vil årsmøtet skal handsama sender du det til underteikna innan 10. mars 2019.

Påmelding til årsmøtet: Send oss namn på deltakarane innan 10. mars. Gi då også melding om mattilpassing og anna tilretteleggjing.

Helsing styret i RU

Legg att eit svar