Vil bli betre kjent med lokallaga

Over 20 ungdomslagsfolk frå lokallag i nord og sør var sist helg samla til lokallagsmøte i Sandeid.

Sandeid Ungdomslag var vertsskap, og for ein fantastisk gjeng som ønska oss velkomen! I sine lysande oransje jakker serverte dei mat, fortalte stolt om samfunnshuset og om aktiviteten i laget. Vi fekk mellom anna høyre om Sommarteaterskulen, barneteatret og «damenes aften». I tillegg fekk vi omvisning i både teatersal og sminkerom. Det er tydeleg at dette er ein gjeng som har det kjekt i lag. Takk for godt smittevern, fantastisk suppe, nydeleg kake og godt humør.

Gjengen i Sandeid UL hadde til og med fått tante Sofie frå Kardemommeby med på laget for å passe på at smittevernreglane blei haldne. Tante Sofie blei spelt av Tilda Håheim (11). Ho er medlem i barneteateret til Sandeid UL og deltakar på Sommarteaterskulen 2020.

Også i Klepp leikarring sit latteren laust. Seks engasjerte leikarringsfolk hadde tatt turen heilt til Sandeid denne laurdagen. Sidan 2008 har laget invitert til stildansball kvart år. Trass pandemi klarer dei å halde oppe akiviteten med song og smittevenlege dansar (med fast partnar) kvar veke.

Haugesund Mållag og Ungdomslag har denne hausten starta opp att folkemusikkskulen. Sju elevar lærer nå felespel på Kvalatun. I tillegg er unge medlemmene i kvedargruppa ivrige. Leikarringen nyttar pandemien til å dyrke songdansen (utan dans) og lærer mange nye vers. Ringen er ein viktig sosial møtestad for medlemmene.

Det sosiale er også viktig i BUL Stavanger sin leikarring. Her blir medlemmene i leikarringen invitert til ulike kulturelle program i tillegg til det sosiale. Laget feirer 120 årsjubileum i år, og inviterer mellom anna til konsert med Majorstuen den 28. november. Det nystarta teaterlaget planlegg no ny forestilling.

I Midtbygdens UL er det kunnskapstevlinga Kven veit? som skaper mest engasjement. Ein perfekt aktivitet no under pandemien!

UL Skjoldafjord nyttar pandemien til å innreie eit heilt nytt rom bak scenegarderobane i Skjold Arena. Her vil dei ha god plass til teateraktiviteten og lagring av utstyr. Vi gler oss til premiere på Olsenbanden Junior på rockar`n i mars.

-Slike møter som dette er svært viktige både for oss og lokallaga, seier leiar i fylkesstyret, Synnøve Jørgensen. Denne laurdagen fekk vi klare innspel til korleis vi på best mogleg vis skal stimulere til vekst og god aktivitet lokalt. Styret vil nå bruke mykje tid på å bli meir kjent med alle lokallaga. Det er tydeleg at det er eit behov for opplæringstilbod av ulike slag, men vi vil vite endå meir om kva behov som finnes. Dersom ungdomslagsrørsla i Rogaland skal leve i 125 år til, må vi gjere kvarandre gode, seier Synnøve.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.