Hakkebakkeskogen  i  Sandeid

Hakkebakkeskogen i Sandeid

Det er andre gongen Sandeid Barne –og ungdomsteater set opp dette stykke. Flott scenografi og kostyme, -alt designa av scenograf Aud Sigrid Flesland. Saman med dyktige foreldre har kostyme etter kostyme gitt særpreg til alle dyra i Hakkebakkeskogen.

Til saman 11 barn mellom 9 og 12 år, samt tre vaksne står på scena.

-I år har me mange flotte debutantar med oss på scenen. Dei er unge og fulle av innsatsvilje, og har vist stor øvingsiver sidan oppstarten i august. Å driva teater er som eit liv i Hakkebakkeskogen. Her trengs flid og samarbeid for å komma i mål og gi publikum ei god oppleving, fortel Jostein Apeland. Saman med Annbjørg Falkeid står han for både regi og produksjon. 

 

Har du lyst til å sjå framsyninga?
Premiere: laurdag 1. desember
Dei neste framsyningane blir søndag 2. og onsdag 5. desember

Fullstendig speleplan finn du på heimesida til Sandeid ungdomslag: www.sandeidul.no    

Legg att eit svar

Close Menu