Rogaland kaller med dette inn til årsmøte i Rogaland Ungdomslag.
Stad: Skjold Arena, Vindafjord
Dato: 11. mars 2023
Program
kl 1000-1030: Registrering og mingling
kl 1100-1200: Årsmøte
kl 1200-1300: Lunsj og omvisning
kl 1300-1430: Årsmøte held fram
Førebels sakliste
Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2 Namneopprop
Sak 3 Val av ordstyrar
Sak 4 Godkjenning av forretningsorden
Sak 5 Val av referent
Sak 6 Val av to til å skrive under møteprotokoll
Sak 7 Årsmelding 2022
Sak 8 Rekneskap 2022
Sak 9 Arbeidsprogram for 2023
Sak 10 Revidert budsjett for 2023
Sak 11 Budsjett 2024
Sak 12 Årspengar for 2024
Sak 13 Innkomne framlegg
Sak 14 Val av:
Styret
Revisorar
Utsendingar til landsmøtet i NU
Valnemnd
Styret har satt opp ei førebels sakliste for årsmøtet. I tillegg kan medlemmene gjennom
lokallaga kome med framlegg til saker ein ønskjer årsmøtet skal handsame. Sakene må vere
meldt skriftleg til styret i Rogaland Ungdomslag seinast seks veker før møtet. Det er i dag 29.
februar, så vi set ny frist til fredag 2. februar. Forslag til saker kan sendast til rogaland@ungdomslag.no Merk emnefeltet med «Forslag til sak på årsmøte 2023».
Deltakaravgift
Årsmøtet: gratis
Korleis melder vi oss på?
Vi ber alle nytte påmeldingsskjemaet Eitt skjema per person. Vi sender sakspapir til epostadressa som blir oppgitt i skjemaet. Alternativ påmelding: kontakt Synnøve 41617198
Påmeldingsfrist: søndag 5. mars.
Kor finn vi sakspapira?
Vi har laga eit samledokument til årsmøtet. Dersom du i tillegg vil lese den årsmeldinga som bunadsnemnda har laga, klikker du på dokumentet som under sakspapira.
Kven kan delta?
Lokallag som har sendt årsmelding for føregåande år, og betalt årspengar for foregåande år
for minst 5 medlemmer over 14 år, har rett til utsendingar med stemmerett.
Lokallag med inntil 50 medlemmer har rett til 2 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending
i tillegg for kvar nye påbyrja 50 medlemmer. Eit lag kan ikkje ha meir enn 10 utsendingar.
Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet i laget eller eit medlemsmøte.
Du kan også delta som gjest eller observatør.
Organisasjon | Levert årsrapport for 2021 | Totalt tal medlemmar 2022 (betalt) | Tal utsendingar |
Bondeungdomslaget i Stavanger | ja | 125 | 2+2 |
Haugesund Mållag og Ungdomslag | ja | 82 | 2+1 |
Klepp leikarring | ja | 17 | 2 |
Krosshaug Ul | ja | 0 | 0 |
Kvinnesland Frilynde Ungdomslag | ja | 92 | 2+1 |
Midtbygdens Ungdomslag | ja | 22 | 2 |
Ul Skjoldafjord | ja | 9 | 2 |
Nærbø Folkedanslag | ja | 8 | 2 |
Sandeid Ungdomslag | ja | 116 | 2+2 |
Rossabø Folkedanslag | ja | 34 | 2 |
Suldal Ungdomslag | ja | 6 | 2 |
Vikedal Ungdomslag | ja | 48 | 2 |
UL Heim | nei, nedlagt i NU | 0 | 0 |
Ølen Ungdomslag | nei, nedlagt i NU | 0 | 0 |
Hjarteleg velkomen!
Helsing styret i Rogaland Ungdomslag
ps! innkalling er sendt til alle lokallaga 29. januar 2023