12 danseleiarar frå Sør Rogaland møttes i Siddisstova laurdag 22. oktober til nyttig utveksling av erfaringar og inspirasjon for kvarandre. Det var danseledarar frå fleire danselag på Jæren, som har ganske ulikt repertoar på øvingane sine. Alle fekk lære noko nytt og det blei ein god diskusjon om korleis auke samarbeidet mellom laga. Vi fekk og sjå filmar av tradisjonsdans frå Rogaland. Det var spennende å prøve å danse Mazurka og Pariser slik det blei gjort i tradisjon.

Takk til Anne Marie Nerby og Ingrid Gjestal Oftedal for initiativ og gjennomføring.

Vi treffast igjen på seminar neste år!