Skal du organisere ein aktivitet i lokallaget? Treng de pengar til drift?

Nesten alt kan bli prosjekt!

Alle aktivitetar som fører til utvikling, samt føregår i ein avgrensa periode, kan definerast som eit prosjekt. Prosjekt kan vere store eller små. Utviklingsmålet kan vere stort og visjonært eller konkret og lite.
Eit styremøte vil til dømes ikkje kunne definerast som anna enn drift. Dersom styret vil reise på tur for å utvikle eit betre samarbeid og miljø i gruppa, er dette eit prosjekt.

Korleis skrive ein god prosjektsøknad?

Ein god prosjektidè er alltid første bod. Lag gjerne ein prosjektplan før du skriv søknad.
Her er døme på ein enkel mal for prosjektplan:

FRAMSIDE

  • Tittel på prosjektet
  • Navn på organisasjon (evt. logo og organisasjonsnummer)
  • Kontaktinformasjon: navn, adresse, mobilnummer og e-postadresse
  1. INNLEIING (kort)
    – Kva er målet med prosjektet? Kvifor ha eit slikt prosjekt?
    – Kva går prosjektet ut på (arrangere kurs, fest, samtalegrupper?)
    – Er prosjektet del av andre prosjekt/tiltak?
    – Kven eig prosjektet?
    – Eventuelle samarbeidspartar?
  2. BAKGRUNN
    – Kort om bakgrunnen for at prosjektet skal setjast i gong. Begrunn behovet for å gjennomføre akkurat dette prosjektet. Kva er det som gjer at organisasjonen er godt eigna for å gjennomføre prosjektet?
  3. FØREMÅL
    – Hovudmål
    – Eventuelle del-mål
  4. ENKEL HANDLINGSPLAN
    – Kva skal gjerast når, kor, korleis og av kven? (Bruk gjerne eit skjema).
  5. MÅLGRUPPE
    – Kven håpar de skal bli interessert og engasjert i prosjektet?
    – Alder, kjønn, geografi, landbakgrunn, legning osb.
    – Lukka eller ope for alle?
  6. ØKONOMI
    – Enkelt budsjett
    – Søknadssum
    – Ta med eventuell finansiering frå andre
  7. EVALUERING
    – Korleis skal prosjektet evaluerast?
    – Planar om vidareføring av prosjektet?

SØKNAD skriv ein ofte ved å svare på diverse spørsmål i elektronisk skjema. Då er prosjektplanen god å ha! Hugs å lese utlysingsteksten nøye. Det kan til dømes vere lurt å bruke dei same omgrepa i søknaden.

LUKKE TIL!