Heilt sidan 1985-86 har bunadnemnda i RU arrangert kurs i å sy den reviderte mannsbunaden eller den rekonstuerte kvinnebunaden. Nemnda har gjennomført meir enn 35 kurs, og pr. i dag (våren 2021) har meir enn 200 fått seg bunad sydd på kurs. På bileta under ser du eit glimt frå kurset i Stavanger vinteren 2018 og 2020.

Filmen viser litt korleis første kursdag pleier å føregå (2018).

Kursa går over 5 laurdagar frå klokka 9-15. Deltakarane treng minst to kurs for å sy ein heil bunad. Medlemmene i Bunadnemnda er lærarar.

All saum blir utført for hand, med teknikkar frå dei gamle plagga. Det er også utarbeidd mønster til gutar frå 4 års alder og oppover.

Saumteknikkar blir skildra steg for steg i undervisningsmateriellet.

Vil du delta på kurs?

Ta kontakt med Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag direkte eller via Nordaker bunader A/S i Stavanger.