Modellbunad sydd til Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt. Foto: Målfrid Grimstvedt, Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag.

Kvinnebunaden frå Ryfylke har bakgrunn i høgtidsdrakta til kvinnene i Ryfylke frå tida før og etter 1800.

Denne høgtidsdrakta er prega av rokokko-moten frå Europa på 1700-talet. Det var ei tid med fargeglede. Folk kledde seg i ei blanding av fine stoff produserte i utlandet og heimelaga tekstilar, alt etter kva dei hadde råd til og kunne skaffa seg.

Les meir om kjeldematerialet.

Korleis arbeide fram ein heilt ny bunad?

Bunadnemnda starta arbeidet med den rekonstruerte kvinnebunaden allereie i 1980. Alt på frivillig basis.

  1. samle inn kjeldemateriale 
  2. ta mønster av dei gamle plagga
  3. sy modellar
  4. gradera mønster (laga mønster i ulik storleik)
  5. laga saumrettleiing til kurs
  6. organisera og gjennomføra kurs

Norsk Institutt for bunad og folkedrakt (NBF) har vore med i arbeidet med bunaden i alle år.

I 2017 publiserte NBF, ved Kristin Gulbrandsen, rapporten «Rekonstruksjon av kvinneklede frå Ryfylke, Rogaland». Rapporten gjer utførleg greie for arbeidet og kjeldematerialet som ligg til grunn. Rapporten viser også at Bunadnemnda framleis kan arbeida vidare med nye variantar.

Norsk instiutt for bunad og folkedrakt uttalar dette om det framlagte materialet:

Dei ulike modellane til kvinnebunaden frå Ryfylke er i alle delar godt kopiert. Det er når det gjeld vyrkje, snitt, saum og utføring godt samsvar mellom det gamle tilfanget og den nye bunaden.

Kvinnebunaden med alle sine ulike plaggvariantar og variasjonar er i alle delar framifrå gode modellar, og gjev eit godt inntrykk av høgtidskleda for gift og ugift slik desse ser ut til å ha vore i siste del av 1700-talet.

Bunadnemnda i Rogaland ungdomslag har arbeidd godt og målretta med prosjektet, og har hatt eit tett samarbeid med Norsk institutt for bunad og folkedrakt i mange tiår. vi vil særleg rose Eli Olsen, Ragnhild Ulland Ødegaard og Daghild Håvardsholm, som har drive heile prosjektet, og som har sydd opp kopiar av dei gamle plagga. Dei har også lagt ned eit stort og godt arbeid over mange år, for å syne samtida korleis folk har gått kledd i eldre tid. Dei har også formidla dette til mange, ved å halde kur si bunadsaum. Vi ønskjer også å framheve Målfrid Grimstvedt sitt store skriftlege arbeid, for å belysa kleshistoria og draktutviklinga i Rogaland.

Instituttet er svært godt nøgde med det store arbeidet som er gjort for å presentere draktskikken, og det er å håpe at Ryfylke vil ta vel i mot den nye bunaden.

Fagernes, 22.09.2017
Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Kristin Gulbrandsen, fagkonsulent rekonstruksjon
Camilla Rossing, Instituttleiar NBF

Kor mykje klede hadde folk på 1700 og 1800-talet?

På Statsarkivet  i Stavanger er det protokollar over skifte i dødsbu. Bunadnemnda har studert og tolka eit stort materiale.

Det er registrert 4096 plagg i 205 ulike skifter, mest kvinneplagg, men også mannsplagg. Tabellen (sjå lenka under) viser det samla talet på plagg frå Ryfylke.

Korleis tolkar ein dette materialet?

Magny Karlberg i Bunad- og Folkedraktrådet formulerte det slik i 2004:

Skiftematerialet er rikt, og saman med bevarte draktplagg, biletmateriale og litteratur kan me danna oss eit bilete av korleis draktskikken var rundt 1800.

Det ser ut til at ein i Suldal har helde på på den gamle draktskikken lengre enn i resten av Ryfylke. Her kledde kvinnene seg i renessansestil, med stakk og snøreliv med maljer. Den alderdommelege luetypen –  tobladlue – var lenge i bruk her, saman med den nyare pålalua. Skiftene viser at ein brukte ei undertrøye under snørelivet, eventuelt ermeliv. Den type plagg har me førebels ikkje funne bevart.

I dei søndre og ytre delane av Ryfylke, som Finnøy og Hjelmeland, hadde rokokkostilen overteke heilt rundt 1800. Her finn me skjøteliv og skjøtetrøyer utan snøring.

Det er materiale nok til å kopiera denne drakten.

Siri Peersdatter på Strand Prestegard i 1849.
Akvarell av Adolph Tiedemand, Nasjonalgalleriet B 4393

Bunadnemnda fann at det var best å gå vidare på det materiale der ein har ein mest fullstendig drakt. Det er rokokkotida sitt skjøteliv og trøye med skjøt – slik me ser på denne akvarellen av ei kvinne i Strand.

I samarbeid med NBF fann dei fram til gamle draktplagg som kunne brukast til å laga nye modellar av, og i tillegg fann dei anna historisk materiale.

Bunadnemnda arbeider etter prinsippet for rekonstruksjon. Det betyr at dei lagar noko heilt nytt med utgangspunkt i det historiske materialet, dvs. alle tilgjengelege kjelder som kan brukast for å gje kunnskap om draktskikken.

Rekonstruksjon skil seg frå konstruksjon ved at kontruksjonar er nyskapingar som kan vera heilt utan rot i noko historisk materiale, eller blir skapt ut frå ei oppfatning av korleis fortida kunne eller burde vore. Nyskapte festdrakter er døme på slik konstruksjon.

Les meir om korleis kvinnebunaden frå Ryfylke ser ut.