Bunadsnemnda i RU

Rogaland Ungdomslag har ei eiga nemnd som driv bunad- og folkedraktarbeid. 

Nemnda starta i 1980 med å revidera mannsbunaden for Rogaland. Det første kurset i revidert mannsbunad var i 1985-86, og sidan har dei gjennomført mange kurs i mannsbunad både i Stavanger og Haugesund. 

Arbeidet med å samle kjeldemateriale og rekonstruere kvinnebunaden frå Ryfylke starta med stripestakken i 1980. Bunaden blei første gong presentert i 2007, og bunadnemnda har sidan halde kurs kvart år.  

Alt arbeid er utført som frivillig kulturarbeid av kvinner som har opparbeidd seg spesialistkompetanse på tekstilt rekonstruksjonsarbeid. 

Daghild, Ragnhild og Eli har vore i bunadnemnda sidan starten. Målfrid blei medlem først i 2017, men erfaring, først som tilsett og seinare som rådsmedlem i Norsk institutt for bunad og folkedrakt (1981-2001). 

Frå venstre: Eli Olsen, Daghild Håvardsholm og Ragnhild Ødegaard (Hanasand 2016). Målfrid Grimstvedt er ikkje med på bilete.

Daghild Håvardsholm  
Ragnhild U. Ødegaard  
Eli Olsen  
Målfrid Grimstvedt  

Kontakt oss gjerne på e-post: bunadnemnda (a) rogung.no