BEVARTE DRAKTPLAGG frå 1800-talet

For å laga ei heil drakt må ein finna modellar til alle draktdelane. På Museum Stavanger fann me vest, luer og sokkar. Men andre plagg mangla. På 1980-talet var det ikkje muleg å få til storstilt registrering av plagg i privat eige. Men noko blei spora opp, både i museum og i privat eige.

Trøye

Museum Stavanger har ei stor samling draktplagg frå ulike deler av Rogaland.

Det var her Magnus Våge fann modellen til den mannsbunaden som blei laga i 1920. Det er den same trøya som blei kopiert til den reviderte bunaden.

Bunad og Folkedraktrådet var med og ga råd om arbeidet med bunaden. I 1986 vurderte dei den ferdige modellbunaden og gav ei fråsegn. Her står det at bunaden støttar fullt ut krava ein set om at plagga som er kopierte skal høyra til same drakttype og område med same draktskikk. Dei skriv vidare at materiala i bunaden er av god kvalitet og i samsvar med det som er i dei gamle plagga. Snitt og saumarbeidet i dei gamle plagga er særmerkte og av høg kvalitet. Dette er godt kopiert i dei nye plagga. Dei einskilde plagga i bunaden er gode kopiar av tilsvarande gamle plagg. Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag har gjort eit godt og grundig arbeid, ifølge fråsegna frå Bunad og Folkedraktrådet.

Få eit innblikk i korleis bunadnemnda arbeider.

På filmen er dei på befaring i Haugesund. Her finnes nemleg den bevarte bunadssokken som er utgangspunktet for strikkemønsteret dei har laga for sokken til mannsbunaden.