Mannsbunad frå 1986

Mannsbunad frå Rogaland, foto: Anne Lise Nordheim

Dette er ein bunad som bygger på draktplagg frå indre Ryfylke på 1800-talet. På den tid var Suldal, Sauda og Røldal i same prestegjeldet.

Knut N. Handeland Odland 1797-1894

Bunaden har stilpreg frå empiren, det vil sei tidleg på 1800-talet. Truleg har ein drakt som denne vore i bruk like til slutten av 1800-talet blant enkelte menn i dei indre bygdene. Knut var ein av desse. Han var frå Sauda, der han dreiv garden Handeland, før han gifta seg til Røldal og budde på Odland.

Magnus Våge utarbeidde dei første manns- og kvinnebunadene i Rogaland rundt 1920. Det var del av hans arbeid som skrivar i Rogaland Ungdomslag. Mannsbunaden blei sydd av skreddarar. Med tida blei skilnaden mellom dei gamle draktplagga og bunaden større. Det gjeld særleg stoff og saumteknikk. I 1981 tok difor den nystarta bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag fatt på å laga ei revidert utgåve av mannsbunaden.

Les meir om bunadsnemnda i RU sitt arbeid med mannsbunaden.