Rogaland Ungdomslag er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag.

§ 1 Føremål: Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

Rogaland Ungdomslag (RU) vart skipa i 1895 og er ein kulturorganisasjon med 650 medlemmer i 14 lag rundt om i Rogaland. Fylkeslaget driv fagleg aktivitet innan bunad, teater, folkedans og barn og ungdom. Mykje av aktiviteten i lokallaga er òg knytt til desse felta, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar. Vi kan nemne mellom anna bygderevyar, ulike salsmesser, loppemarknad, 17. mai-fest, konsertar, samt ulike sosiale møtestader for og av ungdom.

Felles for alle aktivitetene er trua på at ved å styrke enkeltindividet gjennom å utøve tradisjonelle og nye kulturuttrykk og lære å organisere dette, styrker vi samstundes samfunnet og demokratiet.

Ungdomshus
I fylket vårt eig halvparten av laga eit ungdomshus. Vi ynskjer å leggje til rette for best mogleg drift av husa gjennom å gje økonomisk stønad til aktivitet, ulike artistar på turnè, aktuell opplæring og diverse rabatt/stønadsordningar gjennom NU.

Lagsdrift
Det er ikkje enkelt å drive ein frivillig organisasjon. Korleis rekruttere medlemmer? Kva aktivitet skal vi drive med? Korleis skal eit årsmøte gjennomførast? Vi ynskjer å legge til rette for erfaringsutveksling, rettleiing og opplæring gjennom mellom anna årlege lokallagsmøter og tilboda til NU.

Bunad
Bunadnemnda vår har mellom anna rekonstruert den raude herrebunaden frå Rogaland og ein kvinnebunad frå Ryfylke. Nemnda gjennomfører årlege kurs og har utstillingar.

Folkedans
Den norske folkelege dansetradisjonen står sterkt i mange av lokallaga i fylket. Gjennom mellom anna Storkurs (årleg helgekurs i samarbeid med fylkeslaga i Telemark og Aust/Vest-Agder ), samt gjennom NU tilbyr vi opplæring i både folkedans og folkemusikk på alle nivå. Gjennom NU kan ein også få ein gjesteinstruktør til laget. I tillegg samarbeider vi med aktuelle prosjekt og aktørar på feltet.

Teater
Fleire av lokallaga våre har lang erfaring og høg kompetansen innan amatørteater og/eller revy for barn og vaksne. Gjennom, mellom anna Storkurs og NU, tilbyr vi opplæring på alle nivå, samt rettleiar i jakten på manus og i spørsmål om opphavsrett og speleløyve. Ein kan også få ein gjesteinstruktør til laget gjennom NU. I samarbeid med Sandeid Ungdomslag arrangerer vi kvart år Sommarteaterskule for barn og unge.

Ta gjerne kontakt med oss!