Prosjekt Kvinnebunad starta med den stripete stakken

Rundt år 1980 kopierte Eli Olsen i ein stripete kvinnestakk frå Finnøy. Det blei handvove stakkestoff til 10 stakkar og stakkane blei sydde som kopi av den gamle stakken.

Stakken kom i 1920  frå Thea og Olaus Ladstein, frå Hesby, Finnøy til Stavanger museum.

Skildring av stakken som blei kopiert:
Ull innslag på lin renning, lerretsvev. Mørk blå botn med smale striper i raudt, grønt og litt kvitt. 23 cm brei glatt fangbreidd. 3 folder på venstre side før splitt. Foldelagt til motfold midt bak. 1-1,5 cm mellom kvar fold. Foldene er ca 1,5 cm djupe. 2,5 cm brei linning. 2,5 cm blått belegg av grovt stoff nederst, samt svart, fletta ullsnor som slitekant.

Fleire stakkestoff

I 1990 arbeidde Eli Olsen på Stavanger museum i tre månader med å registrera stoffprøver og draktplagg.

Ho kopierte tre stoffprøver frå ei samling amtmann de Fine sende til Kongen i København i 1745.

Bunadnemnda fekk Mandal Veveri til å produsera stakkestoff frå de Fine sine vevprøver og stakken frå Finnøy.

Av 56 prøver er 21 einsfarga eller melerte, 33 er med striper og to har ruter. Dei stripete er vovne med lin renning og ull innslag.

Systematisk leiting etter fleire plagg…

For å lage ei heil drakt må ein finna modellar til alle draktdelane. Då gjeld det å saumfara kister og gamle loft. Kven har teke vare på heime? Bunadnemnda leita systematisk i mange bygder: Suldal, Sauda, Hjelmeland og Finnøy.

Norsk institutt for bunad- og folkedrakt (NBF) er eit statleg dokumentasjonssenter, under Kulturdepartementet. I samarbeid med Ryfylkemuseet, Bunadnemnda, Bondekvinnelag og Husflidslag spora dei opp og registrere mellom 700 og 800 plagg.

Dei fleste av plagga som blei dokumentert av NBF, var frå nyare tid. Heldigvis har Stavanger museum ei tekstilsamling som kom til museet tidleg på 1900-talet. Her er det mange draktdelar som er frå 1700- og 1800-talet. Desse plagga blei viktige i det vidare arbeidet.

Luer

Det er bevart mange kvinneluer av den typen som blir kalla pålaluer frå ulike deler av Rogaland. Pålen er namnet på bakstykket i lua. Bunadnemnda har analysert, fotografert og registrert eit stort tal kvinneluer. Fleire av desse er kopierte.

Liv

Det er bevart fleire skjøteliv med stilpreg frå rokokkomoten. Dei er i ull, bomull eller silke, i ulike fargar. Dei fleste av desse er frå Finnøy, men det er også eit frå Strand; i gulkvit silke, fora med linlerret.   

Stavanger museum, ST-K 857 Innkome frå Tea og Olaus ladstein i 1920. Frå Hesby, Finnøy.

Skildring av livet som blei kopiert:
Tofarga ulldamask i blått.  Fôr av linlerret. Sydd med blå og ubleika lintråd.  Åtte par hekter. 
Snitt: Midtsaum i ryggen og to sidesaumar.  Kilar i sidene. 
Saum: Spilesaum i rygg og kiler.  Fôret festa til stoffet med overkast/prikkesting.  Dobbel prikkesting kant i framkant og nedre del av utringing.  Bredde frå ca. 1,5 til 1 cm.
Heil rygglengde: 47 cm
Livvidde: 71 cm, mellom saumane: ca. 6 cm.

Trøye

Det er bevart mange kvinnetrøyer. Nokre av desse er brukte med liv og skjorte under, andre er brukte utan liv, men med skjorte.

Dei bevarte trøyene har same variasjon i stoff som liva, men i tillegg blei dei også laga i klede og vadmål. Det kan me lesa ut frå skiftematerialet.

Skildring av trøya som blei kopiert:
Tofarga ulldamask i lys og mørk blått. For av grov ubleika linlerret, litt finare lin i viftene.
Lukka framme med åtte par metallhekter.
Sytråd av ubleika og blå lintråd.
Snitt: Midtsaum og to sidesaumar i ryggen.
Kile i kvar side framme. Ryggsaumane går ut i vifter bak.
Samansying: Spilesaum i rygg-, sidesaum og kilar.

Fleire trøyer

NBF1997-0569/ST-K 00867. Av svart damask
NBF1997-0245, ST-K 00865. Av storblomstra trykt kattun, frå Finnøy.

Kvinnesokk

Kvinnene brukte strikkasokkar som gjekk opp på låret. Dei blei festa med sokkeband.

Skildring av kvinnesokken som blei kopiert:
Strikka av ullgarn, raudt og to blåfargar. Glattstrikk med mønsterborder.