For å gjere lagsarbeidet enklare, er det lurt å lage seg eit årshjul. Vi har laga eit utgangspunkt.
Januar
- Sende innkalling og sakspapir til årsmøte minst 14 dagar før møtet.
- Gå gjennom medlemslistene i Hypersys for å vera sikker på at alle medlemmene året før er registrert.
- Melde inn eventuelt skattefritak for gåver innan 15. januar.
- Delta på Storkurs i Rogaland Ungdomslag (RU).
Februar
- Bli med på NU si kunnskapstevling Kven Veit? Påmelding innan den 1. februar.
- Gjennomføre årsmøte innan den 15. februar.
- Etter årsmøtet:
- registrere nytt styre i Hypersys og oppdatere i Brønnøysundregistret (du kan gjere alt i Hypersys -sjå film under)
- gje tilganger vidare; bank, frivillig.no…
Hypersys 2020 from Noregs Ungdomslag on Vimeo.
Mars
- Levere årsrapport og søknad om momskompensasjon i medlemssystemet Hypersys innan 31. mars.
- Delta på årsmøte i RU.
April
- Delta på Landsmøte i Noregs Ungdomslag (NU).
Mai
- Frist for å søke om gjesteinstruktør frå NU er 1. mai og (1. november)
Juni
- Rogaland UL arrangerer årleg Sommarteaterskule i samarbeid med Sandeid UL. Følg med på heimesida for invitasjon.
- Delta på NU sin årlege Sommarleir for ungdom.
Juli
August
- Absolutt siste frist for å søke om momskompensasjon (NU leverer samlesøknad den 15. september).
September
- Søke om frifondstønad før den 1. september
- Delta på lokallagssamling i RU?
Oktober
November
Desember
- Rapportere bruken av den frifondstønaden som vart tildelt føregåande år innan den 1. desember.
- Feire frivillighetens dag den 5. desember.
- Momskompensasjon blir utbetalt av NU dersom det er levert årsrapport og betalt årskontingent.
- Minne medlemmer i lokallaget på at fristen for å melde inn saker til årsmøte er ein (1) månad før møtet.
- Utarbeide sakspapir (rekneskap, årsmelding, budsjett, arbeidsprogram etc.) til årsmøte i lokallaget.
- Frifondtilskot for gjeldande år blir utbetalt av NU.
- Søkt om studiestøtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon? Nå er det på tide å rapportere.