INNKALLING TIL ÅRSMØTE I ROGALAND UNGDOMSLAG
Stad: Rossabø Ungdomshus, Leiv Erikssons gate 7, Haugesund
Dato: 17. mars 2024

Vedtektene våre seier: 

§ Årsmøte
1. Innkalling
Styret i fylkeslaget kallar inn til ordinært årsmøte. Årsmøtet skal haldast kvart år innan 31. mars. Innkalling og førebels sakliste sendast skriftleg til lokallaga minst 2 månader på førehand. 

Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller 1/3 av lokallaga krev det. 

Fristen for utsending av endeleg sakliste og sakspapir er 4 veker før årsmøtet.

(…)

Årsmøte

kl 1000-1030: Registrering og mingling
kl 1100-1200: Årsmøte
kl 1200-1300: Lunsj og omvisning
kl 1300-1430: Årsmøte held fram

Førebels sakliste

Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2 Namneopprop
Sak 3 Val av ordstyrar
Sak 4 Godkjenning av forretningsorden
Sak 5 Val av referent
Sak 6 Val av to til å skrive under møteprotokoll
Sak 7 Årsmelding  2023
Sak 8 Rekneskap 2023
Sak 9 Arbeidsprogram for 2024
Sak 10 Revidert budsjett for 2024
Sak 11 Budsjett 2025
Sak 12 Årspengar for 2025
Sak 13 Innkomne framlegg
Sak 14 Val av:
Styre
Revisorar
Utsendingar til landsmøtet i NU
Valnemnd

Styret har satt opp ei førebels sakliste for årsmøtet. Vi ber om orsaking for at innkallinga kjem for seint i forhold til vedtektene.

I tillegg kan medlemane gjennom lokallaga kome med framlegg til saker ein ønskjer årsmøtet skal handsame. Sakene må vere meldt skriftleg til styret i Rogaland Ungdomslag seinast seks veker før møtet, dvs. innan i dag 04. februar. Styret utvidar denne fristen til fredag 09. februar. Forslag til saker kan sendast til rogaland@ungdomslag.no Merk emnefeltet med «Forslag til sak på årsmøte 2024».

Deltakaravgift

Årsmøtet: gratis

Korleis melder vi oss på? 

Vi ber alle nytte påmeldingsskjemaet. Eitt skjema per person. Ta kontakt med Synnøve (41617198) om du har spørsmål.

Påmeldingsfrist: søndag 10. mars.

Kor finn vi sakspapira? 

Alle sakspapira blir publisert på denne nettsida og sendt til lokallaga og dei påmeldte på e-post 4 veker før møtet, altså 11. mars. Vi bruker presenterer alle sakspapira på skjerm på sjølve årsmøtet. Dersom du vil ha dei i papirform, må du skrive ut sjølv. 

Kven kan delta? 

Lokallag som har sendt årsmelding for føregåande år, og betalt årspengar for foregåande år for minst 5 medlemmer over 14 år, har rett til utsendingar.

Lokallag med inntil 50 medlemmer har rett til 2 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending i tillegg for kvar nye påbyrja 50 medlemmer. Eit lag kan ikkje ha meir enn 10 utsendingar.

Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet i laget eller eit medlemsmøte. 

OrganisasjonLevert årsrapport for 2022 Totalt tal medlemmar 2023 (betalt)
Tal utsendingar
Bondeungdomslaget i Stavangerja1152+2
Haugesund Mållag og Ungdomslagja902+1
Klepp leikarringja272
Krosshaug Ulnei, nedlagt 00
Kvinnesland Frilynde Ungdomslagja922+1
Midtbygdens Ungdomslagja18*2
Ul Skjoldafjordja212
Nærbø Folkedanslagja62
Sandeid Ungdomslagja1112+2
Rossabø Folkedanslagja302
Suldal Ungdomslagnei60
Vikedal Ungdomslagja492
UL Heimnei, nedlagt i NU00
Ølen Ungdomslagnei, nedlagt i NU00
*Midtbygdens UL stod ved utsending av innkalling til årsmøte registert med 0 betalande medlemmar i Hypersys. Dette var feil.

Med helsing styret i Rogaland Ungdomslag

Synnøve Jørgensen, leiar