Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland UL samarbeider om å arrangere helgekurset Storkurs. Her kan du velje mellom helgekurs i dans, handverk, spel eller husdrift. Alle kurs på same arena fører til eit yrande liv. Vi gler oss!

I 2024 blir det Storkurs på Strand Hotel Fevik i Grimstad. Hotellet er eit av landets få gjenværande funkishotell og er oppussa til moderne standard på både soverom, konferansedel, restaurant og velværeavdeling. Sjå elles hotellets heimeside for meir info om hotellet

Du kan velje mellom kursa

Fagsamling for eigarar av organisasjonseigde kulturhus

Ynskjer du å styrke ditt lokale kulturbygg, treng du idear til aktivitetar og arrangement eller lurar du på kor du kan søke om midlar til huset ditt?
Då er dette samlinga for deg!

Om innhaldet: Å ha ein oppegåande og velfungerande stad å utøve aktivitetar, er ein viktig faktor for utviklinga av lokalt kulturliv. Dei organisasjonseide kulturhusa er viktige inkluderingsarenaer med moglegheiter for eit mangfald av aktivitetar. Men skal huset vere attraktivt, så må det ha ein standard som gjer dei trivelege og formålstenlege og det må fyllast med innhald. På fagsamlinga får du ein gjennomgang av formelle krav og forskrifter som gjeld organisasjonseigde kulturhus. Du får tips og informasjon aktivitetar og husøkonomi og du får hjelp til å finne finansieringskjeldene for både fysisk oppussingsarbeid og meir aktivitetsretta tiltak.

Målgruppe: Alle som er med å drifte eit organisasjonseigd kulturbygg (som grendehus, lagshus, ungdomshus, samfunnshus, bygdehus og bedehus).

Program: Tips og informasjon om aktivitetar og husøkonomi. Søknadsskriving, tilskotsordningar og korleis utforme gode søknadar. Brannvern og utarbeiding av gode rutinar for drift av huset.

Ansvarleg for samlinga er Christoffer Knagenhjelm. Han er tilsett som rådgjevar for politikk og kulturhus i Noregs Ungdomslag med ansvar for
prosjektet Huset i Bygda. Han er utdanna arkeolog og har jobba med
kulturminnevern og restaurering av bygg i ein årrekke.

Har du spørsmål om kurset kan du ta kontakt med:
Christoffer Knagenhjelm: Tlf. 48 00 48 17, e-post: christoffer@ungdomslag

Gangar frå Tovdal (berre kurs laurdag 1330-1700)

Tovdals-gangaren har vore tema på fleire kurs gjennom åra, men har vore lite bruka i dansemiljøet. Vi ynskjer oss at dansen skal få rotfeste i dansemiljøet igjen og Tragder (Dextra-rekrutteringsprosjekt som AAUL er medstiftar av) hadde eit godt besøkt kurs i dansen i 2022. Dansen er ei blanding av telegangar og Setesdalsgangar, der ein tvitrør slik som i Setesdals-gangaren samtidig som han har fleire tak frå telegangaren. Dette fordi Tovdal og Åmli var ei gjennomfartsåre og hadde besøk frå begge
områdane. Instruktør er Oddvar Ramse frå Tovdal. Oddvar har dansa i mange år og har eit nært forhald til både gangaren og springaren frå Tovdal.

Innføring i samdansane til NORDLEK 2024

Olaf Moen frå Akland. Har lang fartstid som folkedansinstruktør innan både runddans, turdans og bygdedans. Olaf har eit særskilt hjarte for lokale dansevariantar og jobbar mykje med å auke kunnskapen og interessa for dansetradisjonane på Agder. Driv også med vokal folkemusikk, både som lærar og utøvar.

I samband med NORDLEK2024 er det sett opp eit samdansprogram der alle dei nordiske landa og sjølvstyrte regionane har meldt inn sin eigen dans. Under storkurset blir det ei innføring i alle desse dansane, slik at de er betre rusta når de skal ha opplæring i desse dansane i dykkar eige lokallag. De er og hjarteleg velkomen til å kome på kurset berre for dykkar eigen del!

Deltakarane bør ha grunnleggande ferdigheiter innan norsk runddans.

Kurs for barn, men fokus på leik og dans

Synne Stray er 25 år gammal og er glad i både tradisjonshandverk og folkedans. Er det eit dansegolv med god musikk, så er Synne der! Hun oppdaga kor gøy det var å danse då ho begynte å studere på Rauland for 6 år sidan og har ikkje slutta å danse sidan.

Dette kurset passer for deg som er mellom 8 og 16 år. Her er du velkommen om du har dansa før, eller om du er helt ny og nysgjerrig på kva folkedansen har å by på. Du kjem til å lære nokre gøye dansar og leiker til hopp, sprett og god musikk.

Aust-Agder bunad -hårband, belte (dame) og sokkeband (dame/herre)

Jorun Aasbø er medlem i Gjerstad og Omegn Husflidlag og har mange års erfaring med å sy Aust-Agder bunad til både dame og herre. Hun har også haldt fleire kurs i korleis lage mykje av tilbehøyret til denne bunaden. På Storkurset kan du velje mellom å lage:
Hårband (dame)
Bunadsbelte (dame)
Sokkeband (dame/herre)

Du treng ingen forhandskunnskap for å delta på dette kurset. Man kan ha med eiget utsyr eller kjøpe gjennom instruktør. Viss man ønskjer å ha med eiget fargeval, så er det 2-tråds prydgarn frå Rauma som brukast. Elles held instruktør dei vanlegaste fargekombinasjonane. Ein rekk ikkje å ferdigstille arbeidet i løpet av kurset, men man får den nødvendige kunnskapen til å kunne jobbe vidare heime. Det er også moglegheit for oppfølging i etterkant av kurset.

Ta gjerne kontakt med Jorun på tlf. 41560894 for eventuelle spørsmål i forkant.

Hardingfele

Årets kurslærar i hardingfele er Eivind Tanche-Larsen Knutsen. Han er 23 år og kjem frå Rysstad i Setesdal. Eivind har eit spesielt fokus på tradisjonen frå Setesdal og har gått i lære i mange år hos fleire lokale utøvarar derfrå. Dette kurset er ein god anledning til å stifte nærmare kjennskap med tradisjonen frå Setesdal.

Samspel, for alle instrument

Åmund Solberg er ein gitarist med brei erfaring frå mange ulike sjangrar. Han har vore spelemannsnominert i både folkemusikk og country, skrevet musikk for teaterforestillingar, kunstinstallasjonar og har arbeida med mange ulike artistar. Folkemusikk, og særleg den frå Agder, er ein viktig grunnstein i alle Adsmund sine prosjekter.

På kurset vil han arbeide med samspel og arrangering av folkemusikk. Me kjem til å lære oss nokre slåttar og melodiar, og utforske ulike måtar som vi kan spele dem samen på. Det blir også litt kursing i musikkteori og korleis det kan brukast på en måte som er relevant for oss. Generelt er målet å å jamme, henge og nerde. Alle instrumenter er velkomne!

Toradar

Ingrid Sørheim frå Norheimsund i Hardanger er ein kløppar til å spela toradar og er ein ettertrakta instruktør og folkemusikar på Vestlandet. Ho har bachelor i utøvande folkemusikk frå Ole Bull Akademiet og har solid undervisningserfaring etter å ha lært opp born og vaksne i ei årrekkje. No er ho distriktsmusikar på Voss og underviser i Kulturskulen/Toradarskulen, og er saman med Siri Nordgård og Steinar Odde del av eit raskt veksande toradarmiljø i regionen.

Med ein forkjærleik for lydarslåttar, lystige springarar frå Vestlandet og engelske jigs har ho spesialisert seg på å overføra hardingfele- og feleslåttar til durspelet. På kurset vil ho læra vekk dei mest populære låtane på Voss, og ha litt ekstra fokus på samspel og arrangering.

Timeplan

Fredag 9. februar
1800-2000Frammøte og mat
2000Konsert med «Flottorp/Solberg» etterfulgt av dans og sosialt samver
Laurdag 10. februar
0900-1230Kurs
1230-1330Lunsj
1330-1700Kurs
1830Middag etterfulgt av konsert med «Lokale utøvarar» og dans
Sundag 11. februar
0900-1230kurs
1230Lunsj og avreise
Merk: Alle kursa, med unntak av Tovdalsgangar, startar laurdag kl. 0900 og blir avslutta sundag kl. 1230. Tovdalsgangarkurset startar laurdag kl. 1330 og blir avslutta kl. 1700.

Prisar

Helgepass – NU-medlem kr. 1190,-
Deltaking på Storkurs laurdag og søndag for medlemmar i Noregs Ungdomslag. Inkludert lunsj laurdag og søndag, og dansefest laurdag kveld.

Helgepass – andre kr. 1500,-
Deltaking på Storkurs laurdag og søndag for deg som ikkje er medlem i Noregs Ungdomslag. Inkludert lunsj laurdag og søndag, og dansefest laurdag kveld.

Helgepass – under 26 år kr. 700,-
Deltaking på Storkurs laurdag og søndag for deg som er under 26 år gamal. Inkludert lunsj laurdag og søndag, og dansefest laurdag kveld.

Dagspass – NU-medlem kr. 595,-
Deltaking på berre ein dag (laurdag eller søndag) for medlemmar i Noregs Ungdomslag. Inkludert lunsj ein dag, og dansefest laurdag kveld.

Dagspass – andre kr. 750,-
Deltaking på berre ein dag (laurdag eller søndag) for deg som ikkje er medlem i Noregs Ungdomslag.
Inkludert lunsj ein dag, og dansefest laurdag kveld.

Dagspass – under 26 år kr. 350,-
Deltaking på Storkurs laurdag og søndag for deg som er under 26 år gamal. Inkludert lunsj ein dag, og dansefest laurdag kveld.

Tillegg

Fredag kveld kr. 200,-
Konsert, dans og sosialt samvær fredag kveld. Same pris for NU-medlem/andre. Ikkje inkludert i deltakaravgifta.

Dansefest laurdag kr. 300,-
Konsert og dansefest laurdag kveld. Samme pris for NU-medlem/andre. (Ikkje for kursdeltakare – allereie inkludert i deltakaravgifta).

Overnatting (pris pr. døgn)

Enkeltrom: kr. 1095,-
Dobbeltrom: kr. 1490,-
3-sengsrom: kr. 1885,- (dobbeltseng + enkel sovesofa)
4-sengsrom: kr. 2280,- (dobbeltseng + dobbel sovesofa)

Prisen inkludert frukost og inngang til velværeavdelinga.

Mat

Fredag: Varmmat med dessert kr. 495,-
Laurdag: 2-retters festmiddag laurdag kr. 595,-
(Evt. drikke i tillegg må kjøpast direkte frå hotellet)

Lunsj laurdag og søndag er inkludert i deltakaravgifta. I løpet av
kursdagane serverast det også lett møtemat undervegs.

Korleis kome seg til hotellet

Adresse til Strand Hotel Fevik er: Nedre Hausland 80, 4870 FEVIK

Bil, vestfrå:
Ta av E18 ved kryss nr. 78 og sving til venstre i rundkøyringa inn på riksveg 420 mot Fevik. Køyr i 3,4 km. Hotellet ligger då på høgre side av vegen.

Bil, austfrå:
Ta av E18 ved kryss nr. 76 og følg riksveg 420 mot Fevik. Køyr i 6 km. Hotellet ligger då på venstre side av vegen. Alternativt fortsett på E18 til kryss nr. 78 som forklart over.

Tog og buss
Nærmaste jernbanestasjonar er Arendal i aust og Kristiansand i vest. Videre reise derfrå med kollektivt skjer med buss. Frå Kristiansand rutebilstasjon 7 går linje 100 mot Arendal forbi hotellet. Frå Arendal bussterminal G går linje 100 mot Kristiansand og linje 101 mot Grimstad forbi hotellet. Nærmaste busstopp til hotellet er ”Strandsvingen”. Derfrå er det omtrent 80 meter å gå til resepsjonen.

Påmelding

Påmeldingsskjema finn du ved å klikke på lenka under:
https://app.checkin.no/event/65649/storkurs

Merk: Betaling skjer i slutten av skjemaet.

Spørsmål?

Torgeir T. Fiane

på e-post: torgeir.tf@hotmail.com