Velkomen til Årsmøte og seminar

25. – 26. mars arrangerer vi årsmøte og seminar i Stavanger saman med Rogaland Mållag. Du kan velje å delta på alt, berre årsmøte eller berre seminar.

Korleis melder vi oss på? 

Vi ber alle nytte påmeldingsskjemaet under. Eitt skjema per person. 
Påmeldinga er utvida og open fram til 15. mars.
Alternativ påmelding: kontakt Ann Cathrine Høyland 47662136 

FREDAG 25. mars

kl 2000-2100: Mingling og kulturelt påfyll

LAURDAG 26. mars

kl 0930: Registrering og mingling
kl 1000-1045: Felles opning med program
kl 1100-1200: Parallelle seminar
a) Drift av organisasjonseigde kulturbygg.
b) Korleis bygge god organisasjonskultur?
kl 1200-1300: Lunsj
kl 1300-1430: seminar held fram
kl 1500-1700: Årsmøter
a) Rogaland Mållag
b) Rogaland Ungdomslag

Førebels sakliste

Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2 Namneopprop
Sak 3 Val av ordstyrar
Sak 4 Godkjenning av forretningsorden
Sak 5 Val av referent
Sak 6 Val av to til å skrive under møteprotokoll
Sak 7 Årsmelding  2021
Sak 8 Rekneskap 2021

Debatt: Innspel til NU sitt langtidsprogram og lovendringsforslag

Sak 9 Arbeidsprogram for 2022
Sak 10 Revidert budsjett for 2022
Sak 11 Budsjett 2023
Sak 12 Årspengar for 2023
Sak 13 Innkomne framlegg
Sak 14 Val av:
Styret
Revisorar
Utsendingar til landsmøtet i NU
Valnemnd

Styret har satt opp ei førebels sakliste for årsmøtet. I tillegg kan medlemmene gjennom lokallaga kome med framlegg til saker ein ønskjer årsmøtet skal handsame. Sakene må vere meldt skriftleg til styret i Rogaland Ungdomslag seinast seks veker før møtet, dvs. innan 19. februar. Forslag til saker kan sendast til rogaland@ungdomslag.no Merk emnefeltet med «Saksforslag til årsmøte 2022».

Deltakaravgift

Berre årsmøtet: gratis

Seminar og kulturelt program: kr 650 pr person.

Overnatting på hotellet?

Vi har ikkje reservert rom. Dersom du/de vil overnatte på Scandic Stavanger city frå fredag til laurdag, må rom tingast direkte. Telefonnr. til hotellet er 21 61 52 00. 

Sei at du skal på årsmøte i RU/RM (reservasjonskode nr 47904420) og få desse prisane:
Enkeltrom 1030 pr natt
Dobbeltrom kr 1230 pr person pr natt

Kor finn vi sakspapira? 

Vi legg ut alle sakspapira her etter kvart som dei blir ferdigstilt.
I tillegg sender vi dei ut til lokallaga og til dei påmeldte 4 veker før møtet (på e-post). 

Kven kan delta? 

Lokallag som har sendt årsmelding for føregåande år, og betalt årspengar for foregåande år for minst 5 medlemmer over 14 år, har rett til utsendingar.

Lokallag med inntil 50 medlemmer har rett til 2 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending i tillegg for kvar nye påbyrja 50 medlemmer. Eit lag kan ikkje ha meir enn 10 utsendingar.

Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet i laget eller eit medlemsmøte. 

OrganisasjonLevert årsrapport for 2020Totalt tal medlemmar (betalt)
Tal utsendingar
Bondeungdomslaget i Stavangerja1222+2
Haugesund Mållag og Ungdomslagja782+1
Klepp leikarringja182
Krosshaug Ulnei00
Kvinnesland Frilynde Ungdomslagja02
Midtbygdens Ungdomslagja20
Ul Skjoldafjordja92
Nærbø Folkedanslagja102
Sandeid Ungdomslagja1092+2
Rossabø Folkedanslagja332
Suldal Ungdomslagja02
Vikedal Ungdomslagja472
UL Heimnei, nedlagt i NU00
Ølen Ungdomslagnei, nedlagt i NU00