Seminar: Drift av organisasjonseigde kulturbygg

Ynskjer du å styrke ditt lokale kulturbygg, treng du idear til aktivitetar og arrangement eller lurar du på kor du kan søke om midlar til huset ditt?

Å drive eit kulturhus krev kunnskap og erfaring.  

26. mars inviterer Rogaland Ungdomslag alle organisasjonar som driv eit hus til seminar med Christoffer Knagenhjelm. Christoffer er tilsett som rådgjevar for organisasjonseigde kulturbygg i Noregs Ungdomslag, og prosjektleiar for Huset i bygda 

MÅLGRUPPE

Alle som er med å drifte eit organisasjonseigd kulturbygg (grendahus, lagshus, ungdomshus, samfunnshus, bygdahus, bedehus).

PROGRAM
Kl 0930: Registrering og mingling

Kl 1000-1045: Felles opning med program

Kl 1100-1200: Parallelle seminar

a) Drift av organisasjonseigde kulturbygg.

b) Korleis bygge god organisasjonskultur?

Kl 1200-1300: Lunsj

Kl 1300-1430: seminar held fram

Kl 1500-1700: Årsmøter

a) Rogaland Mållagb) Rogaland Ungdomslag

Stad: Scandic Stavanger city

Deltakaravgift: kr 650 inkludert lunsj

Huset i bygda har som mål å skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Noreg. Gjennom prosjektet driv NU lobbyverksemd for betre rammevilkår, rettleiing av lokale og regionale lag med hus, samt generell kompetanseheving innan moderne drift av hus. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.