Innkalling til årsmøte 2021

På grunn av korona-viruset, blir årsmøtet i Rogaland Ungdomslag i år gjennomført digitalt. Vi håpar mange vil delta, og skal gjere vårt for at møtet blir bra.

Årsmøte: 25. mars klokka 1900

Årsmøtet er det høgste organet i Rogaland ungdomslag. Her diskuterer me året som er gått, samstundes som me legg planar for det neste.

Førebels sakliste

Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste

Sak 2 Namneopprop

Sak 3 Val av ordstyrar

Sak 4 Godkjenning av forretningsorden

Sak 5 Val av referent, to til å skrive under møteprotokoll

Sak 6 Val av to til å skrive under møteprotokoll

Sak 7 Årsmelding  2020 

Sak 8 Rekneskap 2020

Sak 9 Arbeidsprogram for 2021

Sak 10 Revidert budsjett for 2021

Sak 11 Budsjett 2022

Sak 12 Årspengar for 2022

Sak 13 Vedtekstendringar

Sak 14 Innkomne framlegg

Sak 15 Val

Styret har satt opp ei førebels sakliste for årsmøtet. I tillegg kan medlemmene gjennom lokallaga kome med framlegg til saker ein ønskjer årsmøtet skal handsame. Sakene må vere meldt skriftleg til styret i Rogaland Ungdomslag seinast seks veker før møtet, dvs. innan 11. februar. Forslag til saker kan sendast til rogaland@ungdomslag.no Merk emnefeltet med «Saksforslag til årsmøte 2021».

Mønstervedtekter for fylkeslag

Sakspapir

Sakspapir og endeleg sakliste vil bli sendt ut til alle lokallaga 4 veker før møtet og til alle påmelde så snart fristen er gått ut.

Vi oppmodar alle til å skrive ut papira. Då er det enklare å følgje med om du ikkje har fleire skjermar.

Kva er eit digitalt møte?

Teams er eit nettbasert dataprogram der ein kan snakke med kvarandre med lyd og video. Maks fire deltakarar syner på skjermen om gongen. Kven dette er, varierer etter kven som snakkar. Om ein vil kan ein laste ned appen, men det er ikkje naudsynt for å delta i møtet/samtalen. Tips: Teams utan app fungerer best i nettlesaren Microsoft Edge.

Velkomen til prøve-møte 24. mars

Mange har sikkert aldri vore med på eit Teams-møte før. Vi inviterer derfor til eit PRØVE-MØTE den 24. mars klokka 1900. Om du er påmeldt dette (sjå påmeldingsskjema) vil du få invitasjon til dette.

Kva utstyr treng ein for å delta?

Datamaskin med kamera, høgtalar og mikrofon (dette har dei fleste datamaskinar nå innebygd). Ein kan sjølvsagt bruke mobiltelefon eller nettbrett, men ikkje så praktisk som datamaskin, kanskje?

Ta kontakt med Synnøve om du har spørsmål:
Telefon 41617198 eller rogaland@ungdomslag.no

Kven kan delta? 

Lokallag som har sendt årsmelding for føregåande år, og betalt årspengar for foregåande år for minst 5 medlemmer over 14 år, har i følge vedtektene våre rett til utsendingar.

Lokallag med inntil 50 medlemmer har rett til 2 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending i tillegg for kvar nye påbyrja 50 medlemmer. Eit lag kan ikkje ha meir enn 10 utsendingar.

Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet i laget eller eit medlemsmøte. 

Her er ein oversikt over kva som gjeld i år:

OrganisasjonLevert årsrapport for 2019Totalt tal medlemmar
Tal utsendingar
Bondeungdomslaget i Stavangerja1382+2
Haugesund Mållag og Ungdomslagja842+1
Klepp leikarringja202
Krosshaug Ulnei00
Kvinnesland Frilynde Ungdomslagja392
Midtbygdens Ungdomslagja332
Ul Skjoldafjordja1232+2
Nærbø Folkedanslagja102
Sandeid Ungdomslagja912+1
Rossabø Folkedanslagja422
Suldal Ungdomslagja322
Vikedal Ungdomslagja452
Tala er henta frå Hypersys 24. januar 2021.

PÅMELDINGSSKJEMA