Tid for digitalt årsmøte

Informasjon, påmelding og sakspapir til Rogaland ungdomslag sitt åremøte finn de på heimesida vår.  Nokon spørsmål utanom, ring Synnøve Jørgensen, leiar, på telefon 41617198 eller rogaland@ungdomslag.no. RU oppmodar i tillegg lokallaga til å velja utsendingar til NU sitt landsmøte i år. Les meir på lenke nedst i nyhendebrevet.

Likar du folkemusikk?

Konsertserie med både kortreist og lengre reist folkemusikk, kalla Folk på fredag. Besøk kaféen BRUNSJ på Kulturhuset i Suldal ein fredag! Arrangør Ryfylkemuseet: Folk på fredag 9. april: Anders Lillebo & Sigrid Stubsveen (Årets unge folkemusikar -20)

Lokallagssamling

I august/september inviterer Rogaland Ungdomslag alle laga i fylket til lokallagssamling. Hald utkikk etter dato når det nærmar seg.

Studiemidler

Som lokallag i Noregs Ungdomslag kan ein søkja kursstønad til kurs og opplæring. Les meir på kulturogtradisjon.no. Sjekk statistikken for fjoråret i lokallaga våre her.

Oppdatering i medlemsregisteret Hypersys

Me ser det er mange med verv i lokallag som ikkje er registrert med e-postadresse. Dette betyr at dei ikkje får informasjon verken frå NU eller oss i RU. Ta gjerne kontakt om oss i RU eller NU-kontoret om de treng rettleiing. Dette gjeld også oppdatering av medlemslister. Ver obs på postadresse på barnemedlemmer, sånn at dei får Norsk barneblad i posten (opptil 14 år).

Vil formidla informasjon om lokale arrangement

På årsmøte i fjor kom det fram eit ønske om at RU kan vidareformidle informasjon om det som skjer i lokallaga. DET KAN ME! Send informasjon og bilete anten før eller etter (eller begge deler) til rogaland@ungdomslag.no, så skal me laga sak på rogaland.ungdomslag.no og vidare i dette nyhendebrevet. Les til dømes meir om bunadsnemnda i Rogaland ungdomslag sitt arbeid.

25.mars: Årsmøte i Rogaland ungdomslag, kl 19.00

1.april: Frist for årsrapportering i Hypersys. Påmelding til sommarleiren i Noregs ungdomslag startar. Avlyst!

10.april: Frist for påmelding av utsendingar til Noregs ungdomslag sitt landsmøte

17. – 18. april: Småfuglsamling og fuglesamling i Siddisstova Avlyst

24.april: Digitalt landsmøte Noregs ungdomslag, gratis i år!

5.juni: Lokallagssamling i Rogaland ungdomslag – utsett til august/september

23. – 25.juni: Sommarteaterskulen, frå 10 til 15 år,  lokal arrangør Sandeid UL.