Logo til ungfritid
Logo til ungfritid.no

Alle frivillige organisasjonar kan nå registrera sine fritidsaktivitetar for born og unge. Frå 15.april kan born og ungdom finna fritidsaktivitetar her. Den nye satsinga til Frivillighet Norge blir introdusert på nettmøte 21.april, kl 18-19.30.

Les meir her.

Meld deg på nettmøtet dette skjemaet.

Frå før av finst frivillig.no, også eit produkt av Frivillighet Norge. Dette starta i 2015 og er ein arena som skal gjera det lettare å bli frivillig og lettare for organisasjonar å finna frivillige. Her kan organisasjonane legga inn oppdrag og informasjon om seg sjølv. Rogaland ungdomslag brukte dette under storkurset i 2020 for å rekruttera kjøkenhjelp under helga. Me fekk ikkje napp, men annonsen blei lese fleire gonger. Prøv å registrera organisasjonen din her, så er det klart til dokker ein gong har eit oppdrag. Lukke til!