I 2022 er det Frivillighetens år. No kan du søke om kr 25 000 i støtte for å feire denne dagen!

Målet er å lage ein stor, nasjonal fest kor vi løftar fram innsatsen som vert lagt ned kvar dag: av medlemmar, deltakarar, aktivistar, givarar, frivillige og støttespelarar. Vi skal rett og slett feire Noregs viktigaste lagarbeid. Som del av Frivillighetens år, kan kvar organisasjon velje seg ein dag for å vise fram sitt formål og sine aktivitetar over heile landet.

Styret i Noregs Ungdomslag har valt seg tysdag 22.02.2022 som VÅR DAG. Datoen ville ha vore 160-årsdagen til Hulda Garborg som var ein sentral person for ungdomslagsrørsla.

Noregs Ungdomslag ønskjer å nytte denne dagen til å feire rørsla vår med mottoet “Levande lokalkultur”. Lokallag over heile landet vil feire med rusfrie arrangement som samlar folk i alle aldrar – i felles glede og aktivitetar. 

Om støtteordninga

Sparebankstiftelsen DNB støttar VÅR DAG-kampanje og heile 5 millionar kroner skal delast ut i støtte til lokale arrangement. Maks søknadsbeløp per arrangement/markering er 25 000 kroner. 

Korleis ditt lokallag ønskjer å markere dagen, er heilt opp til dykk. Det viktigaste er at de skal vise fram kven og kva de er i lokalsamfunnet.

Det følgjer likevel med nokre krav for å få støtte: 

  • Lokal- og fylkeslag i NU skal legge sine arrangement til tysdag 22. februar 2022
  • Arrrangementet skal vere rusfritt og ope for alle
  • Arrangementet må vere med å synleggjere lokallaget, samt Frivillighetens år i lokalsamfunnet
  • De må samarbeide med anten ei anna foreining, eller med ein offentleg aktør – som eit bibliotek eller liknande. Det er ikkje eit krav at partneren stiller med pengar.

På nettsidene til Frivillighetens år 2022 finn du dei fullstendige retningslinjene for søknad om støtte til dagen. 

Sjølve Søknadssida ser ut til å vere laga i eit engelsk program. Om de får problem med å forstå innhaldet, må de gjerne ta kontakt med sekretariatet i Frivillighetens år. Her er lenka til sjølve søknadsskjemaet: https://vardag.smapply.io

NB! Søknadsfristen er 17. oktober 2021!

Styret i Rogaland Ungdomslag har planar for dagen saman med Garborgsentret (Jærmuseet) på Bryne. Invitasjon kjem!