AUST-AGDER UNGDOMSLAG INVITERER TIL EIN KVELD MED LOKAL FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS

Laurdag 12. november 2022 

kl. 18:00 og utover

Arendal kulturhus

Til musikk frå Sørlandet spelemannslag, Agder spelemannslag, spelemannslaget Strøge og folkemusikklaget Bordun er dansegolvet opent for både unge og gamle, nybegynnarar og erfarne dansarar.

Til å opne ballet vil duoen Olaf Moen (Akland) og Robert Løkketangen (Søndeled) spele ein konsert med tradisjonsmusikk frå gamle Aust-Agder fylke.Moen og Løkketangen presenterer tradisjon og nyskaping, og har dukka djupt i folkesongane frå kommunane aller lengst aust i Agder. Distrikt er hav og hei, åker og skog, noko som speglar den rike folkemusikktradisjonen her. Duoen har henta fram drikkeviser, arbeidsviser, stev og mellomalderballadar der sorga og glede går hand i hand. Moen og Løkketangen gav ut plata «Om alt som henda har» på Etnisk Musikklubb hausten 2019.

Moen syng og Løkketangen speler, og det er sistnemnde som står bak arrangementa der det både klimprast og strykast på gitar og langeleik. Nokre av arrangementa er tydeleg bluegrass-inspirerte, andre har ein dåm av verdsmusikk, og nokre er solonummer med kveding i si aller reinaste form.
Utover kvelden spelar spelemannslaga til ulike typar dansar, frå runddans og bygdedans til turdansar og songdansar. Med tidvis lett instruksjon underveis kan alle være med i dansen!

Me håpar å sjå både kjente og ukjente i Arendals storstove laurdag 12. november!Billettsal frå Arendal kulturhus si heimeside.https://www.arendalkulturhus.no/program/dansefest-til-lokal-folkemusikk/