Pris og påmelding:

Deltakaravgifta er 400,- for medlemmer, og 500,- for ikkje-medlemmer. Siste frist for innbetaling er 17. juni 2022.

Klikk her for påmelding

Improteater og teatersport

I år er det Lina Eliassen og Vivian Andreassen som er instruktørar på Sommarteaterskulen.

Dei starta saman på teater ved Karmøy Kulturskole i 2012. Deira fyrste møte med teatersport var i 2013, og dette blei ei oppleving dei  aldri kom til å gløyma, og det enda med at dei same året reiste til Arendal for å konkurrera i Junior NM i teatersport. Laget deira fekk ein imponerande 2.plass.

Sidan har dei begge vore  teaterlærarar ved Karmøy Kulturskole og Vivian har tatt ei bachelorgrad i Skuespill ved NSKI Høyskole.»

I år kjem dei til Sandeid og skal i 3 dagar engasjera ivrige unge på Sommarteaterskulen. Improteater er impulsteater, og ein brukar ikkje manus. Gjennom mange morosame teaterleiar tek dei deltakarne med på ei reise der kreativitet-spontanitet-fantasi og samarbeid er viktige ingrediensar.

Hovudmålet er at ein skal ha det kjekt i lag, og ein legg stor vekt på at ein skal føla seg trygg i gruppa. Fyrst då vil ein få ei utvikling som gjer at ein føler seg sterk og spontan på teaterscena.

Dette året legg me opp til Teatersportkonkurranse der me inviterer føresette til avslutning. Sandeid ungdomslag arrangerer sommarteaterskulen saman med Rogaland ungdomslag.

Velkommen til kjekke teaterdagar!