Kva meiner du om å bruka bunad? Kvifor har du bunad??

Stad: Storsalen (2. etasje), Garborgsenteret, Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Treng du help med påmelding? Ta kontakt med Garborgsenteret (tlf. 47 77 60 20 #4)

Program:
18.00: Velkommen v/Inger Undheim og Synnøve Jørgensen
18.05: Hulda Garborg og bunadene. Innleiing ved bunadsekspert Målfrid Grimstvedt
18.45: Deltakarane fyller ut spørjeskjema og samtaler om bunadbruk. Med kaffi/te og noko attåt
20:00: Oppsummering i Storsalen – kva har gruppene snakka om?
Seinast 21.00: Program slutt

Kabinettkortet er frå Hulda Garborgs fotosamling. Bildeteksten er skriven av Hulda. Foto: Nasjonalbiblioteket

Om samtalekvelden:

Rogaland Ungdomslag og Garborgsenteret inviterer til temakveld om bunadbruk på Hulda Garborgs 160-årsdag tysdag 22. februar kl. 18-21.

Fem organisasjonar arbeider for å nominera bunadbruken til UNESCO si verdsarvliste for immateriell kultur. Dei ønskjer å få vita korleis bunaden vert brukt. Kva forhold har folk i Noreg til bunad? 

Rogaland Ungdomslag og Garborgsenteret vil gjerne ha flest moglege stemmer frå Jæren med i dette kartleggingsarbeidet. Unge og vaksne, han, ho og hen! Velkommen alle som ein! Tankane dine er viktige når det skal skrivast nominasjonssøknad til UNESCO.

Målfrid Grimstvedt innleier temakvelden med å fortelja om Hulda Garborg og bunadene. Korleis lever Hulda sin bunad-ide i dag? Etter innleiinga er det tid for uformelle bunadssamtalar kring bordet. Deltakarane set seg ved ulike bord i lokala, og alle får utdelt eit skjema med enkle spørsmål som ein skal svara på og diskutera med dei andre. Det vert servert kaffi/te og litt å bita i under samtaledelen av møtet. Til slutt samlast me i foredragssalen til ei felles oppsummering av kva ein har snakka om kring borda.

Ingen førebuing eller forkunnskapar vert kravd for å delta på denne kvelden. Ein er heller ikkje nøydd til å ta ein aktiv rolle i samtalane kring bordet, det er lov å berre lytta også. 

Les meir om nominasjonsarbeidet på https://www.bunadbruk.no  

Velkommen til ein gild og sosial bunadskveld på Garborgsenteret!

Beste helsing

Inger Undheim, Garborgsenteret

Synnøve Jørgensen, Rogaland Ungdomslag