Ungdomslagsfolk frå fjern og nær kjem inn døra for registrering. Med seg vidare inn i ei lærerik helg får dei ”goodiebag” med mellom anna NU-effektar og papirlommetørkle.

Siddis-stova i Stavanger er fylt med smil, lærelyst og frivilligheit denne helga. I eine rommet høyrer vi Per Inge Torkelsen snakke om revyhistorie, i neste rom kan vi nesten sjå for oss dei store ballkjolane mens Tove og Kenneth Fosserud viser og instruerer. I storsalen er det vakkert felespel frå Tuva Ferden og ivrige folkedansarar og instruktørspirer som fyller rommet. Vi lar oss imponere av måten Annbjørg Myhra Berwitz og Audun Grüner-Hegge evner å engasjere kvar enkelt. Kaffistova er pauserom. Her har bunadsnemnda i Rogaland UL sett opp ei utstilling som viser rogalandsbunaden gjennom 100 år. På golvet finn barna til arrangørar og kursdeltakarar saman i leik. 

-Denne møteplassen er ein viktig arena for medlemmene og laga våre. Vi hadde ikkje fått det til utan det gode samarbeidet med Telemark, Vest-Agder og Aust-Agder UL, fortel leiar i Rogaland UL, Jostein Apeland. Det blei for mange år sidan teikna ein samarbeidsavtale, og sidan har Storkurs blitt arrangert kvart år. 

-Med fire år mellom kvar gong det er vår tur, er det mogleg å mobilisere både deltakarar og frivillige, seier Jostein. Vi klarer på denne måten å tilby laga våre eit variert kurstilbod med høg kvalitet. 

Fylkesstyret i Rogaland er eit godt lag, og oppgåvene enkle å fordele. 

-Når kan vi gjere dette igjen? spør Håvard Ims med eit lurt smil. Vi er strålande fornøgd og stolt, og med tett samarbeid med Ryfylkemuseet som er arrangør av dansekvelden FUGLEN, Clarion hotel Energy, NU-kontoret og BUL Stavanger, klarte vi i fylkesstyret å organisere kurs med lunsj til over 80 deltakarar og lærarar!  

-Vi har laga eggerøre av til saman 120 egg, kutta 16 agurk, ete 5 kilo ost og kokt 24 pakkar kaffi, fortel kjøkkensjef Solgunn Liestøl. Det er første gong ho har hatt ansvar for å lage mat til så mange, men skal vi døme etter stemninga i matsalen er ikkje dette siste! 

Solgunn Liestøl freistar dansarane med fruktfat.

-Vi i NU bør arbeide for delingskultur, arenaer for erfaringsutveksling og fleire tilgjengelege arrangørverktøy. Læringskurva bør jo ikkje vere like bratt på kjøkken som på kursromma, smiler Solgunn.