logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Bunad        
 

: Bunadsslepp i Rogaland
: Nytt frå bunadnemnda RU

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Nytt frċ bunadnemnda i RU

Etter mange års arbeid med den rekonstruerte kvinnedrakta frå Ryfylke, er me kome så langt at me har alle delane til drakta på plass.

Originalplagga til stakk, vest og trøye har me funne på Stavanger Museum. Dei er alle frå Finnøy, og kan daterast til slutten av 1700/byrjinga på 1800-talet. Vest og Trøye har skjøt og er utan snøring, men er lykka foran med hekter.

Hausten 2006 og våren 2007 hadde me kurs for 11 ivrige deltakarar. Dei fleste er eigarar av stripestakk. Dei har venta tolmodig, nokre av dei i mair enn 20 år, på at vest og anna tilbehør skulle koma på plass.I denne tida her me hatt tett samarbeid med Bunad- og folkedraktrådet. som gjerne ville ha meir kunnskap om den lokale draktskikken før me kunne velja plagga som skulle kopierast, Mellom anna har bunadnemnda teke initiativ til registrering av gamle plagg i privat eige i Sldal, Hjelmeland og Finnøy. Også i Sauda har det vore registrering. Ryfylkemuseet har vore samarbeidspartnar når det gkeld desse registreringaane.

Drakta til stripestakken er ikkje ein festdrakt, men meir å rekna som ei helgedrakt frå gamalt. Men med små grep vil me og ha featdrakta på plass. Det dreier seg ikkje om store endringar, men meir om kva slags stoff ein nyttar.

Bunadnemnda i RU

Daghild Håvardsholm, Eli Olsen og Ragnhild Ødegaard

 

Denne artikkelen er henta frå "Holmgang",  lagsbladet til BUL Stavanger,