logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Om RU        
 

: Handbok for tillitsvalde
: Lover for RU
: Historikk

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Historikk

Allereie i 1880-åra vart det skipa såkalla ”frisindede ungdomsforeninger” rundt om i mange bygder og byar i Rogaland. Desse laga arbeida kvar for seg, men etter nokre år vart det eit felles styre for ein del av laga. Tanken om eit fastare samarbeid vakna smått om senn, og det vart etter kvart halde felles stemne ein gong i året.

 

I 1895 kalla fellesstyret inn til det årlege stemnet, men og til eit møte der deira felles interesse vart drøfta. 50 utsendingar kom frå heile fylket. Desse vart einige om å skipa ein fastare samskipnad, Rogaland Ungdomssamlag. Blant skiparane var: Tjodof Jespersen (fyrste formann), Knut Byrkjeland, Arnt Øksnevad, Oddmund Vik, Rasmund Løland, Jon Hovda og Sen Seland.

 

I 1936 vart samskipnaden delt i to, nemleg Nord-Rogaland Ungdomslag og Sør-Rogaland Ungdomslag. Bondeungdomslaget i Stavanger var heilt fram til 1946 beinveges innmeld i Noregs Ungdomslag.

 

Noregs Ungdomslag vart nazifisert i 1942, og arbeidet i fylkeslaga og lokallag låg dermed nede heilt fram til frigjeringsdagen. 22. juni 1946 vart det innkalla til eit felles samrådingsmøte for både sør- og nordfylket. Hovudsaka på møtet var samanslåing til eitt fylkeslag. Etter ordskifte vart Nord-Rogaland UL, Sør-Rogaland UL og Bondeungdomslaget i Stavanger slått saman til eitt lag, Rogaland Ungdomslag

 

Desse var med i det fyrste styret: Erling Sølvberg (formann), Ole Nærheim (varaformann), Magnus Aartun, Ole Oftedal, Johannes Hatteland og Marta Hiim.

 

Rogaland Ungdomslag har i dag 19 lokallag, og har fortsatt årlege fylkesstemner, no for barn. I 1994 vart Ungdomsringen skipa, og er ein del av fylkeslaget. Elles har fylkeslaget fortsatt ei nemnd for kvar særinteresse: Bunadsnemnd, Barne- og Ungdomsnemnd, Folkedansnemnd, Teaternemnd, samt Studieleiar.