“Har dokker hatt det kjekt?” “Ja!” stemte deltakarane i rett før evalueringa av årets Sommarteaterskule på Sandeid samfunnshus, 30.06-02.07. 

I fjor var det for fyrste gong arrangert ein sommarteaterskule i regi av Sandeid ungdomslag. Fotballskulane rundt om, hadde endeleg fått ein kulturell konkurrent! Rogaland ungdomslag var ein av sponsorane og valde i år på ny å støtta dette flotte arrangementet med pengar.

Framsnakking både på landsrådet til Noregs ungdomslag og ikkje minst omtale i medlemsbladet “Ungdom”, har gjort at Sommarteaterskulen blir lagt merke til rundt om i det langstrakte landet vårt.

Sandeid ungdomslag har nytta lokale sponsorar og dugnadskrefter i tillegg til gjesteinstruktørordninga frå NU for å få dette til. I år var det spanande om ein kunne få til å gjennomføra Sommarteaterskulen med tanke på smittevernsreglane. Dette løyste Sandeid ungdomslag på ein god måte og 15 ungar var klare for tredagars inspirasjon frå gjesteinstruktøren Jan Fredrik Grøndal Henriksen.

I år var tema korleis byggja ein karakter. Kostymelageret til Sandeid ungdomslag fekk køyrt seg. Ungane fann bakgrunnen til karakteren , studerte korleis hen reagerer og sat saman mangfaldet av karakterar til ei førestilling til foreldre og kjente siste dagen. Her var underteikna styremedlem ei floge på veggen. Det var morosamt å sjå ganglaget til gravide,spente barnepiker, avslappa samar, drikkfeldige “selfie”-jenter, slitne vaskedamer og krevjande arbeidsleiarar, pakka saman i ein nyhetsreportasje frå moteveka i Paris.

Godt jobba, Sandeid ungdomslag – unge og dei litt eldre ungdommane på Sommarteaterskulen.

Neste år er datoen 23.-25.juni 2021!