Meld  deg  på  bunadkurs  hausten  2019:
Biletet viser variantar av den rekonstruerte drakta frå Ryfylke i tidsrommet 1750 – 1830.

Meld deg på bunadkurs hausten 2019:

Biletet viser variantar av den rekonstruerte drakta frå Ryfylke i tidsrommet 1750 – 1830. Bunaden er sydd for hand med saumteknikkar frå same tidsperiode.Den er i rokokkostil, med skjøt både på vest og trøye, og vert sydd i stoff som også er rekonstruert frå denne tida. Det er mogleg å velja mellom fleire ulike stoff og fargar. Til hausten kan du også sy denne bunaden!

0 Comments

Storkurs 2019

1.-3. februar 2019 er det duka for Storkurs på Hotell Fritidsparken i Skien.  Storkurset er eit samarbeid mellom Fylkeslaga i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark. Kursa vil vere på hotellet og på Hjalmar Johannesen vidaregåande skule. Alle måltider vil vere på hotellet og inngår i kursa. Leikfesten blir i hallen ved sida av hotellet. Mellom kurs og leikfest på laurdag blir det moglegheit til å ta et bad i badeland. Fredag: Kurs i Hypersys med Alf Steinar Nekstad Studieforbundet med Kjærsti Gangsø Laurdag og sundag: Instruktør/inspirasjonskurs i turdansar: Alix Cordray Telespringar og –gangar: Tone Anne Tveiten, Knut Boksasp Berge. Speledame: Nina Byttingsmyr Halling: Simon Løvald. Spelmann: Torgeir Straand Linedance: Hilde Løvmo (avlyst) Rock- og swingkurs: Daniel Halvorsen Revyskrivekurs: Heljar Berge Teaterkurs: Trine Merete Sjølyst Samspelkurs: Lars Ingar Meyer-Fjeld Sangkurs: Ingebjørg L. Reinhold Husflid – Nupereller: Liv Øyen Strind og Jorunn Halkjær (avlyst)   Laurdag kveld blir det middag etterfulgt av leikfest i idrettshallen ved sida av hotellet. Påmelding innan 20.…

0 Comments
Sy  bunaden  frå  Ryfylke?
Biletet viser variantar av den rekonstruerte drakta frå Ryfylke i tidsrommet 1750 – 1830.

Sy bunaden frå Ryfylke?

Til våren 2019 blir det igjen kurs i bunad i Siddis-stova, Rektor Oldens gt. 17, Stavanger. Kva kan du sy på kurset? For å sy heile bunaden må du gå fleire kurs. Først syr du skjøtevesten. Så trøye, stakk, forkle, lue og skjorte. Du må rekne med ein god del heimearbeid. Me hjelper til med å få tak i stoff og dei andre delane som høyrer til. Biletet viser variantar av den rekonstruerte drakta frå Ryfylke i tidsrommet 1750 – 1830. Bunaden er sydd for hand med saumteknikkar frå same tidsperiode.Den er i rokokkostil, med skjøt både på vest og trøye, og vert sydd i stoff som også er rekonstruert frå denne tida. Det er mogleg å velja mellom fleire ulike stoff og fargar. Det vil bli sett av fem laurdagar: Januar: 5. og 19. Februar: 16. Mars: 23. April: 6. Frå kl. 9.00 til 15.00 kvar gong. Kursavgift er kr. 2000,-. Materialer kjem i tillegg. Påmelding: Snarast, innan byrjinga…

0 Comments

Handverk i dansehuset på Lassa

For 21 år på rad arrangerer Bondeungdomslaget i BUL den tradisjonsrike handverksmessa, kjent for kvalitet, god stemning og heimelaga lapskaus! -Det er svært hyggeleg at utstillarar og publikum kjem igjen år etter år, seier leiar i arrangementskomiteen, Inger Hope. I tillegg er vi glade for alle nye som kjem til. I år kan vi freiste med fleire spennande nye handverkarar, mellom anna ein som lager sjokolade, smiler ho. -Messa fullbooka med nesten 40 handverkarar, seier Inger stolt. I over eitt år har messenemnda arbeidd med å rekruttere og plukke ut dei beste handverkarane, samt marknadsføre og planlegge det praktiske. -Etter mange år, har vi fått god rutine. Dugnadsfolka våre har masse erfaring frå tidlegare messer og andre arrangement i laget. Her i BUL er dugnad både kjekt og sosialt, fortel Inger. Til helga er over 40 frivillige i aksjon for å ta imot utstillarar og publikum som kjem for hyggeleg handel og eit besøk i kaféen. Bondeungdomslaget (BUL) i Stavanger…

0 Comments